
Leprous
Malina
Leprous slepp seg lause på sitt femte studioalbum.
Leprous er eit namn som gjer meg assosiasjonar til dødsmetall. Det har nok rett og slett med det fantastiske albumet Leprosy av Death … Sei ein ting om Leprous; sei at det ikkje er dødsmetall! I starten var nok Leprous progmetall, men det er ikkje mykje att av metallen på Malina. Eg må seie meg heilt einig med frontmann Einar Solberg at musikken på dette albumet er meir korrekt definert som rock enn metall. For dei som absolutt må sette ein klistrelapp på ting. Noko eg ofte synest kan vere veldig greitt slik at ein iallfall har ein viss peikepinn på kvar landet ligg før ein startar.
Umiddelbart går tankane mine til The Mars Volta, spesielt De-Loused in the Comatorium og Frances the Mute. Det er noko med stemma til Solberg som minner meg om stemma til Cedric Bixler-Zavala. Stemmene deira har litt den same intensiteten og nerva, utan at Solberg har den same angsten og desperasjonen som Bixler-Zavala. Det er dog ikkje berre stemma som minner om TMV. Musikken er i same sjanger og er bygd opp rundt ofte odde taktartar og synkoperte beats. På toppen, eller kanskje bak det heile, ligg feit gitar og driv det heile suggerande framover. Ei anna stemme som dukkar opp i knotten når eg høyrer på Malina, er Anohni (tidlegare kjent som Antony Hegarty). Atter ein gong er det noko med sårheta, og kanskje noko tendert, i vokalen til Solberg.
Malina er eit godt gjennomført album med jamt over gode låtar. Eg vil likevel trekke fram dei tre eg set mest pris på, og som eg samtidig tenker gjer eit godt bilete av albumet. Opningssporet Bonneville set tonen for kva som skal kome, tittelsporet Malina og nest siste The Weight of Disaster er tre ulike spor som likevel oppsummerer albumet godt. Når det gjeld avslutninga, The Last Milestone er juryen fortsatt ute ... Eg klarer ikkje bestemme meg for om eg likar den eller ikkje. Sjekk den ut sjølv! Malina er iallfall vel verdt tida di både med og utan den siste låta:)
PS: Malina er ute fredag 25. august
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Rival Sons - Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første. >>
Spurv - Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>