Sist brøra frå Olympia, Washington kom med eit album (Celestite i 2014) var det ikkje veldig mykje jubel å spore frå korkje fans eller anmeldarar. Det albumet var eit stort stilskifte frå svartmetall til ambient, og var rett og slett eit instrumentalalbum. I dag (fredag 22. september) gjer dei ut sitt 6. album, og har heldigvis lagt dette ambientvåset bak seg. På Thrice Woven er dei tilbake til svartmetallen dei mestrar so godt.

Wolves in the Throne Room har vel sidan dei albumdebuterte med Diadem of 12 Stars i 2006 vore blant dei fremste ambassadørane for den amerikanske varianten av svartmetall. Der den norske svartmetallen er rå, upolert og «in your face», er den amerikanske meir fokusert på atmosfære og dynamikk, og «vegg-av-lyd». Dei har kanskje meir til felles med band som Deafheaven og Bosse-de-Nage enn Mayhem og Immortal.

Thrice Woven er eit veldig dynamisk album. Songane har ulike parti der det er kaskadar av trommer og gitarar som held eit forrykande tempo, og arva frå den norske svartmetallen er heilt openbar. Andre parti er rolege, nesten sobre og forsiktige. Eit godt døme er opningssporet Born from the Serpent’s Eye. Den startar med middelalderiske gitarar, før den går over i sjangertru blastbeats, snerrande vokal og massakrerande gitarar. Midt i låta, er det eit parti der svenske Anna von Hausswolff syng ein nordisk elegi, på svensk. På Angrboda kjem påvirkinga frå Norden og norsk svartmetall godt til uttrykk gjennom tema; den handlar om Angrboda som er mor til Fenrisulven. Fenrisulven er i tillegg avbilda på coveret, so arva frå det norrøne er meget tydeleg.

Alt i alt synest eg Wolves in the Throne Room leverer eit album med godt gjennomført moderne svartmetall. Weaver-brørne gjer på ingen måte skam på sjangeren med Thrice Woven. Elles synes det er litt artig at cleanvokalen på The Old Ones Are with Us er veldig lik Kristoffer Rygg i Ulver …



Wolves in the Throne Room spelar på Blå i Oslo 24. november.