
Atena
Possessed
Fredag slepp Atena sitt tredje album
På Possessed virkar det for meg som Atena prøver å gape over meir enn dei klarer å svelge. Det er ei saleg blanding av mange ulike element og stilar. Litt opera, litt sampling, litt growling, litt clean vokal, litt kor, litt rap. Eg blir faktisk skikkeleg flau når eg høyrer rapen på låta Death Eating ... Det blir for mykje og heile albumet blir litt personleghetsforstyrra. Joda, det ligg eit teppe av nu-metall i bånn (utan at det hjelp noko særleg), men alt det andre gjer det berre forvirrande. Det er til dømes ikkje eit einaste minneverdig riff på heile albumet!
Eit anna stort minus er at det ikkje virkar som om dei har brukt noko tid på å sette saman sangane på ein meinigsfull måte. Det manglar ei naturleg musikalsk oppbygging eller ein tanke bak rekkefølga på songane. Eg mistenker dei for å berre skribla ned eit utval sangar og vore nøgde med det. Det manglar heilt ein musikalsk raud tråd.
Eg har sjølvsagt lefla med tanken at det kan vere eg som har blitt gamal, kjedeleg og lite open for nye ting. For all del. Men eg har høyrt det før. Det er ikkje nytt. Eg får indre bileter av at dette er ein gjeng tenåringar som har funnet ut at dei skal vere skumle, skremmande og harde. Når dei so har sett at band som Linkin Park, Limp Bizkit og dess like har klart å tene masse pengar på slikt, har dei tenkt at dei vil ha ein del av nu-metalkaka òg. Eg blir nok diverre ikkje overraska om dette faktisk kan selge bra i USA; eg trur at dette kan vere rett i deira gate. Eller i Japan. By all means: køyr på! Ten bøtter med pengar! Men det held ikkje musikalsk for meg!
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Rival Sons - Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første. >>
Spurv - Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>