Portal
ION
Det australske bandet Portal slepp 26. januar sitt femte studioalbum, ION
Eg skal vere den fyrste til å innrømme at eg må ha somna i timen. Det var ikkje før i 2013 at eg oppdaga dette fantastiske bandet Portal. Då kom Vexovoid ut, og det blåste meg heilt av bana med sin eksperimentelle dødsmetall. Det var 34 minutt med høgt tempo, høg energi og ei diabolsk stemning eg ikkje hadde høyrt på lenge. Difor blei eg meget glad då eg såg at dei endeleg kjem med ein etterlengta oppfølgar.
ION er ute fredag 26. januar og fortset der forrige album slapp. Tempoet er minst like høgt, og den australske kvintetten leverer framleis kompromisslaus og eksperimentell dødsmetall. Dei leverer framleis den same kjensla av at noko mørkt og skrekkinngytande er på veg og at det ikkje er mykje håp att. Kombinasjonen av frenetiske gitarar og blastbeats får meg til å kjenne på kor endelaust håplaust livet er. Vi veit jo alle at vi kjem til å døy ein dag, so kva i alle dagar er vitsen?
ION er ei kakofonisk reise med Shinkansen gjennom alle dei ni sirklene av Helvete Dante var gjennom, og det er ikkje noko rom for å slappe av eller ta ein fot i bakken på vegen. Vi er på veg nedover, og vi er på vei dit i høg hastighet. Her er det berre å halde seg fast og nyte reisa.
Det er ikkje mogleg for meg å trekke fram noko spesielt spor som skil seg ut frå dei andre, utan avslutningssporet Olde Guarde. Dette sporet avsluttast med eit fire minutt langt, roleg parti som eg synest avsluttar reisa vår på en god måte, og som til tider kan høyrast ut som ein døyandes kval sine siste augneblink.
Set deg ned i 37 minutt og la deg blåse av stolen, iallfall mentalt, og lat deg henføre av dei kjensler og atmosfærer Portal klarer å mane fram.

FLERE ANMELDELSER
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>
Backstreet Girls - In Lust We Trust
Finn frem skinnjakken og dine trangeste jeans. Backstreet Girls er ute med ny skive og leverer rock and roll på flere måter og områder som bare de kan. >>
Sweetheart - I Will Love You When The Morning Comes
Mer av det samme fra lavmælt, melankolsk nordicana-duo >>
Alice Phoebe Lou - Shelter
Et beroligende og oppløftende album om selv-verdsettelse og kroppslig autonomi. >>