Carpathian Forest
Likeim
Carpathian Forest er tilbake etter meir enn 10 år. Dei skulle kanskje venta nokre år til ...
Carpathian Forest er eit av banda som var ein del av svartmetallundergrunnen på tidleg 1990-tal. Dei er heilt klart ein del av den noget grumsete historia til den sokalla «true black metal» og fortenar omtale.
Sist dei ga ut noko var i 2006 med Fuck You All!!!!. Dette var heller ikkje nokon karrierehøgdepunkt, spør du meg. Likevel blei eg oppskjørta då eg høyrte dei skulle kome med noko nytt, og eg ga meg lov til å håpe at dei kunne kome med noko som kunne minne om gode, gamle dagar. Noko som kunne nærme seg til dømes Carpathian Forest frå EP'en Through Chasm, Caves and Titan Woods. Den gang ei ... Kvifor kjem dei tilbake med berre ein originallåt og ein coverlåt? Eg forstår det ikkje. Og eg forstår heller ikkje at dei lagar ein coverlåt av Turbonegerlåta All my Friends are Dead som er neste heilt prikk lik originalen? Kva er vitsen?
Andresporet på EP'en, Likeim er heller ikkje so mykje å hoppe i taket for, men den trekk iallfall opp heilheta. Ein heilt standard svartmetallåt utan det vesle ekstra. Den har likevel noko ved seg som eg sit og ventar på, men som diverre blir uforløyst. Eg må nok vente litt lenger på at Carpathian Forest er heilt og holdent tilbake ...
EP'en Likeim kjem ut fredag 13. april.

FLERE ANMELDELSER
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>
Backstreet Girls - In Lust We Trust
Finn frem skinnjakken og dine trangeste jeans. Backstreet Girls er ute med ny skive og leverer rock and roll på flere måter og områder som bare de kan. >>
Sweetheart - I Will Love You When The Morning Comes
Mer av det samme fra lavmælt, melankolsk nordicana-duo >>