Ein ting eg alltid har tenkt på når eg har høyrt Aura Noir, er at dette er slik Motorhead hadde høyrtes ut om dei hadde vore frå Noreg. Hadde Lemmy og kompani vakse opp med mørketid, skog og fjell, og norsk musikktradisjon, hadde dei heilt sikkert fått denne ekstra kulden og intensiteten som Aura Noir har.

Eg har vore so heldig at eg har opplevd Aura Noir nokre gongar live, og det er intenst. På Aura Noire føler eg dei klarer å få med seg det intense og levande inn i den digitale verda. Eg nærmast kjenner den umiskjennelege lukta av metallkonsert når eg lyttar til albumet; ei kombinasjon av svette fans, øl og røyken frå røykmaskiner. Diverre kan ikkje eg påberope meg noko inngåande kjennsap til heile katalogen til Aura Noir, og kan heller difor ikkje sette Aura Noire opp mot dei tidlegare albumene. Det eg derimot kan sette det opp mot, er anna musikk som blir gjett ut dag. Det eg ofte saknar i mykje av ny musikken, er ei kjensle av noko ekte. Av noko som vitnar om at ein har laga eit album fordi ein hadde eit album i seg ein berre måtte få ut, ikkje fordi ein tenkte at det hadde vore moro å prøvd. Eller mykje verre; fordi ein ikkje har gjett ut noko på ei stund, og tenker at no er det på tide å kome med noko nytt. Aura Noire derimot er proppfull av intensitet og truverdig aggresjon, kombinert med eit hint av musikalsk glede. Det er kanskje litt vanskeleg å sette fingeren på akkurat det eine eller det andre som gjer det, men albumet osar av sjølvtillit og musikalsk livslyst.

Albumet har høgt tempo frå start til slutt, og er fyllt av tøffe gitarar og kjappe trommer. Eg elskar den nesten overdrivne bruken av det vi heime på vestlandet kalte «chugging»; piggtråriffing på gitaren. Elles likar eg godt fraseringane og overgangane dei har på dei fleste låtane. Songane er bygd over stort den same lesten, so det kan kanskje bli noko monotont for enkelte, men då har du nok ikkje forstått sjangeren. Til slutt må eg berre skryte uhemma av stemma til vokalist Aggressor. Det er få, om nokon, som har ei stemme som passar so godt til sjangeren. Stemma er det som virkeleg sementerar låtane på Aura Noire til å bli eit klassisk blackthrash-album!

Alle låtane på albumet er sterke, men det er eit par som for meg blir ståande att som favorittar; The Obscuration og Dark Lung Of The Storm. Dei har alt ein god thrashlåt skal ha.