Etter fire år er James Bay endelig klar med oppfølgaren til det flotte debutalbumet Chaos and the Calm. Og for dei som venta på meir av det same, er det nok kanskje nokon som vert litt skuffa, for det er tydelig at denne plata går nye vegar.

Plata startar med ein samtale mellom ei dame og ein mann, før ei bankande rytme sakte snik seg inn, og introen glir inn i åpningssporet Wasted on Each Other. Denne sit fint som ei åpningslåt, sjølv om den ved første lytt var litt masete. Men etter eg bytta ut bilstereoen med headsett, både den og resten av plata litt bedre fram. Pink Lemonade får opp farta, og skapar ein finfin start på albumet.

Wild Love har ein melodi som kan minne om debutalbumet, men trekk veldig ned tempoet etter Pink Limonade. Var det nashpiel allereie? Det kan verke slik, med Us, som er omtrent like treig, men på ein god måte, og med ein nydelig melodi. Dette er absolutt flott musikk, og nashpielet er plutselig levelig likevel. I alle fall om ein har ein gitarist og vokalist som Bay!

Festen fortsetter plutselig med In my Head, som er ein a capella rap-sirkus-låt, med både fuzz og Kanye West filter på vokalen. Dette er ei låt som verkeleg viser at Bay har gjort si heilt eiga greie med denne plata, og det høyrest ut som han har fått fullstendig frie tøylar. Akkurat det tek litt tid å verte vandt til, men det er gjennomført, og basisen frå forrige plate ligg alltid som ein grunnmur.

Midten av plata vert delt av ein ny samtale, ispedd litt rusing av ein motor, og ei dørklokke som ring. Denne starten på side to vert etterfylgt av hærlige Just for Tonight, som kanskje er den låta som minnar mest om første plata. Wanderlust tek det vidare, og er ei svert catchy og dansbar låt. I Found You er noko som John Legend og Jarle Bernhoft kunne laga saman, og er, igjen, ikkje heilt det du hadde forventa, men likefullt heilt nydelig.

Med Sugar Drunk High nermar det seg slutten, der Bay serverar sin versjon av Castle on The Hill. Litt kjedelig, men likevel nydeleg vokal og melodi. Og med Stand Up, leverar Bay min favoritt på plata, då han klarer å bruke sine nye effektar, i det som lett kan verte ein skikkelig sommarhit. Den gitarsoloen er som skapt for ein sommarkveld på ein festival. Fade Out høyrest ut som siste låt, men så kjem Slide, og overraskar med å ta det enda roligare, og framstår nesten som eit bonusspor.

James Bay skal ha honnør for å gå nye vegar med denne plata. Ved første lytt verka den litt kjedelig, men har vorte betre og betre for kvart lytt. Det er ingen dårlige spor, men nokre er litt kjedelige, og det kan verte mykje over 12 songar. Men Bay briljerer med sin nydelige vokal, og det er også tydelig at dette er eit gjennomarbeida produkt, som også har ein meget solid produksjon, og eit friskt lydbilete. Slikt er betryggande med ein såpass fersk artist, og alt tydar på at vi får nyte James Bay i mange, mange år framover.