Kite
the all penetrating silence
Oslobandet Kite er ute med ny EP
Denne Oslo-trioen har holdt det gåande sidan 2007, men bandet Kite har faktisk vore med oss heilt sidan 1998. Bandet har vore gjennom litt diverse lineups, men har altså sidan 2007 bestått av Ronny Flissundet, Ole Christian Helstad og Bjarne Alexander Ryen Berg.
Det som umiddelbart slo meg under fyrste gjennomlytting var at eg ikkje likte cleanvokalen. Den irriterte meg faktisk! På den andre sida var skrikevokalen mykje betre matcha med musikken, og eg ga the all penetrating silence ein sjanse til. Det er eg glad for eg gjorde. Eg synes framleis at dei godt kan jobbe meir med cleanvokalen, eller rett og slett berre droppe den, men eg vil berømme Kite for feite riff og gode melodiar.
Sjangermessig ville eg nok plassert the all penetrating silence ein stad i randsona mellom post rock, post metal og sludge. Likar du til dømes Sunbather av Deafheaven, vil du nok finne denne Ep'en interessant. Og om du synes Deafheaven blir litt for "brutal", vil du nok foretrekke Kite som er nokre knepp rolegare. Samtidig har dei ei røffhet over seg som eg likar godt.
Alle dei fire låtene på albumet er godt gjennomført og har ei seighet over eg likar veldig godt. Og om dei kan gjere noko med vokalen, trur eg dette kan bli rett so bra i framtida! Det er uansett vel verdt å sette av ein halvtime for å sjekke ut!

FLERE ANMELDELSER
David Gilmour - Luck and Strange
Nei, David, dette er ikke det beste du har gjort siden The Dark Side of the Moon. >>
Ola Kvernberg - Steamdome III: Beyond the End
Dampmaskinen raser videre. Og takk og pris for det! >>
Maldito - Contact Light
Kjenner du ikkje til Maldito? Då er det på tide å sjekke ut deira nye plate! >>