Det er alltid skummelt når gamle storheiter skal kome med nytt album etter lengre avbrekk. Ta til dømes det siste albumet til Dimmu Borgir. Det var hausa veldig opp, men då det kom, viste det seg at det ikkje var noko anna enn eit gedigent gjesp. Difor må eg seie eg var relativt spent då eg fekk det nye albumet til Immortal til gjennomlying og anmelding. Kunne dei finne tilbake til magien frå Pure Holocaust og Sons of Northern Darkness?

Northern Chaos Gods opnar meget lovande med tittelsporet Northern Chaos Gods. Det er so utruleg deilig å høyre at Demonaz & Co har henta fram den iskalde, mørke og aggressive atmosfæra att. Den svarte magien Immortal og andre band som starta denne sjangeren er endeleg tilbake. Det har vore mange som har prøvd å lage svartmetall dei seinare åra, utan heilt å klare å fange den riktige stemninga. Det skulle kanskje berre mangle at Immortal klarer det; dei var jo trass alt midt oppe i den mørke fødselen!

Etter ein sterk start, tek albumet seg berre opp gjennom dei nesten 45 minutta. Det er aggressivt, mørkt, isande kaldt og deilig gutturalt. Og musikalsk so det held! Alle som ikkje er kjent med svartmetall elskar visst å kalle musikken for støy, bråk eller monoton umusikalsk skit. For å seie som Navarsete: Dei veit ikkje kva dei snakkar om! Northern Chaos Gods er ei musikalsk fryd å lye til. Immortal kan traktere instrumentene sine, og låtane er meget godt komponert og arrangert.

Immortal er på Northern Chaos Gods tilbake med eit nytt kapittel i si saga om riket Blashyrkh. For dei som ikkje er kjent med Blashyrkh, er det ei sammenfatta beskriving av den kalde og mørke sida av naturen og inspirasjonen Demonaz hentar derfrå. Med musikken og tekstane saman har han som mål å bringe lyaren inn i rett stemning. "Det er ikke mer komplisert enn det," seier Demonaz. Det er ikkje tvil i det heile om at han klarer å bringe denne lyaren i rett stemning iallfall. Northern Chaos Gods er fabelaktig album som gjorde godt! Løp og kjøp!