Emma Ruth Rundle
On Dark Horses
Vakker melankoli frå amerikanske Emma Ruth Rundle
Den Kentucky-baserte artisten var eit heilt ubeskrive blad for meg. Då er det desto hyggelegare at eg likte albumet so godt. Det er alltid særs digg å finne ny musikk som skil seg ut og som klarer å fange merksemda mi. Spesielt når det er sjangermessig noko som ikkje er på min radar. Det er nok heilt sikkert grunnen til at eg ikkje har oppdaga Emma Ruth før. På Wikipediasida hennar står det at ho held seg til sjangrar som ambient, folk og post-rock. Eg høyrer ikkje so mykje til ambient, men eg forstår kva dei meiner med dei to siste. For meg er On Dark Horses som om musikken til Chelsea Wolfe fekk born med musikken til Nick Cave. Det er mørkt og dystert, men fengande og meget musikalsk.
On Dark Horses er jamnt over eit meget godt album. Produsenten klarer å kombinere eit klart og fint lydbilete med eit grumsete uttrykk som passar både stemma til Emma Ruth og musikken veldig godt. Det har eit kledeleg hint av skrangleorkester over seg. Dette kjem tydeleg fram i blant andre mi favorittlåt på albumet, Light Song. Det er ein nesten seks minuttar lang duett, der den mannlege stemma er ein djup, djup bass som skapar klangar og resonansar i stemma til Emma Ruth som gjer meg frysningar kvar gong eg høyrer låta! Gåsehudalarm!
Tematisk handlar albumet om å kome seg gjennom, forstå og omfamne lammande situasjonar, for so å kome styrka ut på den andre sida. Det er viktig å huske å halde hovudet høgt, sjølv i etterspelet av dårlege startar. Emma Ruth bruker hestar som eit symbol på dette. For ein hest er både sterk og vakker, men likevel aldri heilt fri. Slik blir dei ein metafor for ei innebygd styrke som vil vinne løpet, eller overgå forvetningane frå samfunnet og ikkje minst seg sjølv.
On Dark Horses er ute 14. september. 26. oktober spelar ho på Blå.

FLERE ANMELDELSER
Sleep Token - Even In Arcadia
Sjangercocktailen Sleep Token avslører noe av ansiktet bak maska etter kjempesuksessen «Take Me Back To Eden» >>
Once Awake - Far Out And Beyond
Det hardtarbeidande metalcorebandet Once Awake er ute med album nummer fem >>