Kampfar
Ofidians Manifest
Kampfar er tilbake etter det mange trudde var kroken på døra
Etter suksess og Spellemannspris for forrige album Profan, låg det meste til rette for at Kampfar skulle dundre vidare som eit av dei råaste og mest kritikerroste metallbanda i kongeriket. Opp og fram inn i den mørke historia til norsk ekstremmusikk. Dette skjedde ikkje. Sjukdom og andre ting gjorde at det i 2017 såg ut til at svartmetalltoget kom til å bli ståande att ved perrongen. Det var anten det, eller so måtte drastiske endringar til. All kontakt mellom bandmedlemane forsvann omtrent heilt, og Kampfar låg meir eller mindre med knokke rygg.
Men i 2018 begynte heldigvis lokomtivet å varme opp kjelane sine att. Helbredinga var i gang og ein kunne begynne å koble til vognene. Hausten 2018 skreiv dei nye låtar og i løpet av nokre intense veker i den kreative basen til bandet i Hemsedal, tok Ofidians Manifest form. For oss som følger bandet via sosiale media, var det godt då vi såg at ting begynte å skje i Hemsedal. Då visste vi at noko mørkt var på veg.
Samanlikna med forrige album, har Kampfar strippa ned musikken. Den er framleis til å kjenne att, og ein kan høyre signaturen til Kampfar i det heile vegen, men den er meir konsentrert. På Profan tenderte dei skummelt mot det svulstige, men dette er ikkje like openbart på Ofidians Manifest. Dei klarer på eit vis å plante beina godt i den norske svartmetalltradisjonen dei har vore med på å sementere, samstundes som dei tek sjangeren eit steg vidare. Kampfar anno 2019 har meir melodi og ro over seg. Godt hjelpt av eit par sterke kvinnelege stemmer. Agnete Kjølsrud (Djerv) sitt bidrag på Dominans løftar heile albumet eit hakk. Ho har ei stemme som passar perfekt til snerringa til Dolk, og skapar ei stemning som set seg og pregar heile albumet. I tillegg er den, for meg iallfall, ukjende Marianne Maria Moen med på å avslutte manifestet på Det Sorte der den vakre stemma ligg i bakgrunnen og på eit vis utlilknar Dolk si.
Eg har trekt eit poeng fordi gitaren har blitt for lav i miksen. Ofidians Manifest har mykje brilliant gitarspel, men det forsvinn litt bak vokalen til Dolk og Ask. Ikkje eit vondt ord om vokalprestasjonane, for dei er kalde, snerrande og akkurat slik dei skal vere. Dei kunne berre godt ha skrudd dei litt lavare i miksinga, eventuelt skurdd opp gitaren. Og atter ein gong stiller eg spørsmålet: kvifor syng dei på både norsk og engelsk?
Favorittlåtar: Dominans og Eremitt.
Ofidians Manifest er ute fredag 3. mai, og er du på Karmøygeddon 3. mai skal dei ha sleppefesten der kl. 15:00!

FLERE ANMELDELSER
Kevin Morby - More Photographs (A Continuum)
Mye mer enn en kompanjong til fjorårets sterke album. >>
Harald Otterstad og Tor Andersen - Aunt Mary - Never Stop Your Wishful Thinking
Forbilledlig biografi om et av Norges beste 70-tallsband >>
Perry Dear and the Deerstalkers - Oh Dear! Perry Dear and the Deerstalkers in London
Bra 60-tallsretro fra norsk band >>
Honey Dijon - Black Girl Magic
Klassisk housemusik med attityd, och som får folk att stampa fötter. >>
El Caco - Uncelebration
Etter ein solid pause er El Caco igjen ute med ny musikk. Det har blitt litt nytt, men umiskjennelig likevel. >>
The Tallest Man on Earth - Henry St.
Svenske Kristian Matsson, bedre kjent under artistnavnet The Tallest Man on Earth, har gått fra soloprosjekter til å spille inn sitt nyeste album med et komplett band. >>
Metallica - 72 Season
Du veit kva du får, men legendene i Metallica imponerar likevel med 72 Seasons >>