
Sunn O)))
Life Metal
Meditativ mesterverk
Som sist (Kannon som for øvrig fekk 9/10 frå oss) er dette heilt utan eit einaste perkussivt slag. Det er framleis eit mysterium for meg korleis det går an å lage noko som er so musikalsk og pulserande utan bruk av trommer. Som tidlegare trommis, er det jo nesten uhøyrt at dei får lov! Eg meinar, trommisen er jo han som driv musikken framover og som sørger for å halde resten av bandet på jorda og i grooven. Men det går faktisk an. Det er Life Metal eit knakande godt døme på.
Når eg seier at dett er pulserande, er det ikkje akkurat høg puls. Det går treigt og det er seig materie. Likevel har det ein slags kvilepuls som er uhyre fasinerande og som dreg meg vidare og vidare. Det kan kanskje samanliknast med rolege bølger på ein innsjø ein vindstille julidag. Det er rørsle og det går framover, men det er ikkje nokon grunn til å stresse. Det går so fort som det går.
Å lytte til Life Metal blir for meg som eit auditativt blikk ut i verdsrommet; som å stirre inn i stjernetåka og la seg fascinere av kombinasjoner av lys og materie. Sunn O))) bygger soniske kosmos med auditative glimt av abstrakte fargar som gnistrar ein time og åtte minutt. Dei skaper musikk med dybde og lag som vibrerer gjennom hjerna, og det har ein seig energi over seg som ikkje lar seg overføre til ord.
Eg veit at eg diverre er litt seint ute med å melde dette fabelaktige albumet sidan det var ute alt i slutten av april, men det har rett og slett tatt tid å fordøye det heile. 10/10 skal sitte langt inne, og eg har gått fleire runder med meg sjølv for å vere sikker på at eg kan stå inne for det. Til slutt fann eg ut at livet er for kort til å ikkje la seg begeistre når øyrene blir fylt av magi. Full pott!
Bandet spelte faktisk inn to album samtidig, og i løpet av hausten kjem album nr. 2, Pyroclasts ut. Og det skal visstnok vere enno meir meditativt ... Det blir spanande!
Elles kjem Sunn O))) til Oslo fredag 18. oktober og laurdag 19. oktober. Fredagen spelar dei i kulturkirka Jakob og laurdag er det Blå sin tur.
Lytt til det magiske albumet her.
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Rival Sons - Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første. >>
Spurv - Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>