Gaahl's WYRD
GastiR - Ghosts Invited
Veldig varierande debut
Eg må innrømme at eg hadde enorme forventingar då eg fekk kloa i GastiR - Ghosts Invited. Det Kristian Espedal aka Gaahl har gjort i band som Trelldom, God Seed og ikkje minst Gorgoroth, har gjort at han for alltid har ei høg stjerne i svartmetallmiljøet. Det skadar heller ikkje legendestatusen at det fins videoar på nett der han i fleire lange, stille minutt set "styggeblikket" i nokre stakkars kænarar som stiller dumme spørsmål til han. Dei har kome heilt frå USA til verdas vugge, Luster, for å få eit hyggelig intervju med Gaahl. Eit legendarisk klipp. Heile seansen er verdt å få med seg, for øvrig!
GastiR - Ghosts Invited, som blir sluppe 24. mai, synes å innfri etter å ha pløgd meg gjennom åpningssporet Ek Erilar som minner veldig om Mayhem på Ordo ad Chao. Dette er angstfylt svartmetall av høg kvalitet! Atmosfæra endrar seg dog ein smule på neste spor, From the Spear. Denne låta er meir gitardriven og har nokre heilt sjukt feite riff, som henta rett frå thrashen sine glansdagar. Stemma til Gaahl driv framleis stemninga og det er svart og dystert. Likevel er det ein slags større endring i emming.
Tittellåta, Ghosts Invited startar med blastbeats og snerrande gitarar, men då vokalen kom inn, skvatt eg i stolen. Han høyrest ut som Brendan Perry frå Dead Can Dance. Berre litt grovere i målet. Det er ei blanding av 80-tals dysterhet og svartmetall anno 2019 som eg ikkje var heilt førebudd på. Det blir rett og slett litt mykje på ein gong for meg. Og det fortset berre vidare. Litt opera, litt 80-tals og litt musikalar blanda godt og pakka inn i gitarriff og trommer frå svart- og ekstremmetallen. Og på Veiztu Hve høyres det ut som han har fått med seg sjølvaste King Diamond.
Eg klarer ikkje heilt å fordøye dette. Eg likar riffa, trommene, bassen, og alt det. Det er kjempemessig. Men det er to ting eg ikkje får til å gå opp. Det fyrste er den stilmessige variasjonen. Den er altfor stor til at plata får heilheit. Det heng ikkje heilt saman, på eit vis. Det andre som trekk plata litt ned for meg, er rett og slett stemmebruken. Eg diggar stemma slik den er på dei to fyrste låtane. Hadde Gaahl holdt seg til det hadde dette vore oppe og lukta på 9 av 10. Eg endar på 7 av 10, og det er ikkje dårleg, men eg hadde trudd dette skulle bli betre.
Eg ber om årsak, Gaahl, men eg er heilt sikker på at du kan betre og eg trur det blir enno kvassare neste gong!

FLERE ANMELDELSER
Kevin Morby - More Photographs (A Continuum)
Mye mer enn en kompanjong til fjorårets sterke album. >>
Harald Otterstad og Tor Andersen - Aunt Mary - Never Stop Your Wishful Thinking
Forbilledlig biografi om et av Norges beste 70-tallsband >>
Perry Dear and the Deerstalkers - Oh Dear! Perry Dear and the Deerstalkers in London
Bra 60-tallsretro fra norsk band >>
Honey Dijon - Black Girl Magic
Klassisk housemusik med attityd, och som får folk att stampa fötter. >>
El Caco - Uncelebration
Etter ein solid pause er El Caco igjen ute med ny musikk. Det har blitt litt nytt, men umiskjennelig likevel. >>
The Tallest Man on Earth - Henry St.
Svenske Kristian Matsson, bedre kjent under artistnavnet The Tallest Man on Earth, har gått fra soloprosjekter til å spille inn sitt nyeste album med et komplett band. >>
Metallica - 72 Season
Du veit kva du får, men legendene i Metallica imponerar likevel med 72 Seasons >>