1. november slepp Fysisk Format andrealbumet til den norsk/islandske frå Ammerud-duoen Golden Core. Fimbultýr er ein knallsterk oppfølgar til Norwegian Stoner Machine frå 2017.

Det er eit ganske ambisøst album. Dei blandar norrøn mytologi med stoner og svart metall til norse-doom og ender opp med eit konseptalbum om Odin, norrøn mytologi, runemagi, forbanningar, død og krig. Og dei gjer det veldig bra. Dette likar eg godt. Dei fangar meg heilt frå det enkle, men likevel brutale og drivande tittel- og opningssporet Fimbultyr. Det er heilt klart at dette er to stykker som har noko dei vil formidle. No syng dei på islandsk, so akkurat kva dei vil seie, er eg usikker på. Men musikalsk er denne opninga eit tydeleg testament på at dei vil vise fram ei råheit og ei styrke med aggressivitet og sinne. Og dei lukkast godt med å skape eit inntrykk av ei svunnen og norrøn tid. Det er ikkje vikingmetall som Enslaved, eller vikingkvad som Wardruna, men noko heilt ekte og primitivt norrønt og brutalt.

Albumet er tight og godt produsert av Yngve Andersen frå Blood Command og miksa av Kurt Ballou, kjent for dei fleste som gitarist i Converge. Dette har gjort at heile albumet kling utruleg bra og har ei stram line som gutane held seg taktfast til heile vegen.

Om det er produksjonen eller om det er bandet som er årsak til at Fimbultýr klarer å halde seg so enkel og tru til musikken, veit eg ikkje, Men eg eg likar at dei heile tida let riffa og melodiane vere det som skal bergta lyarane, ikkje produksjonsmessige fiksfakserier som berre er lagt til som fyllmasse. Heldigvis torer dei å stole på at riffa gjer jobben. For det gjer dei verkeleg!

Fimbultýr er eit godt og variert album. Låtane varierer både i intensitet og kraft, samtidig som det er både lange og korte låtar. Det kjem godt fram om ein ser på låtane Villist Vættir som er eitt minutt med klassisk norsk svartmetall, Rúnatal som bruker litt over 11 minutt på bølgje seg fram og tilbake mellom seige doomriff , og den rolege og vakre avslutninga Lite Vet Mennesket. Elles vil eg trekke fram Buslubæn som ein favoritt på albumet.

Ein kjem diverre ikkje unna alderen til dei to gutane i Golden Core. Dei er 15 og 17. Det er ganske kult. Men so tenker eg at det kanskje er litt nedlatande av meg å ta det opp. Det kan virke som om det er litt slik at dette er bra, til to tenåringar å vere. Det blir litt som når ein snakkar om norsk film. Dei aller, aller fleste eg kjenner klarer ikkje å seie at det var ein bra film utan å legge på «til å vere norsk». Det er litt irriterande og må kjennes ganske frustrerande for Golden Core om det heile tida skal vere refrenget frå pressa og andre. « … til å vere tenåringar». Difor ville eg ikkje ta det med før til slutt. For dette er bra. Ikkje på trass av at dei er tenåringar, men berre bra. Det er sjølvsagt imponerande for ein som drøymte om å bli rockestjerne på den alderen at dei har klart det, men alderen skal ikkje vere definerande for kor bra eller ikkje det er.