Ein skulle tru at denne hersens pandemien skulle vere eit glitrande høve til å djupdukke ned i alt som skulle dukke opp av ny musikk. For underteiknande har det vore heilt det motsatte. Det har blitt lite nytt, og mest ei tilbaketrekking til det gamle og trygge. Det eg veit fenger og som gjer ei visshet om at tingenes orden er og blir som alltid.

Det er nesten på sin plass at det er gode, gamle Darkthrone som skal dra meg skrikande ut av denne dvala. For kva er vel betre medisin for ei slik tilstand; å få noko som er nytt, men likevel ytterst attkjenneleg. Noko som er mørkt, dystert og desperat, men samtidig med eit snev av noko som kan minne om håp; det er noko nytt som er i ferd med å skje. Noko nytt som likevel er eit steg tilbake til det vi før kalte "normalen".

Slik er det med Darkthrone. Dei har ofte noko nytt i musikken sin, men ein kjem ikke unna at det er Darkthrone. På Eternal Hails har Fenriz og Nocturno Culto tatt seg god tid til å utforske og dyrke fram sin svarte versjon av doom-metallen. Det er fem låtar smurt utover 45 seige, mørke og herlige minutt. Dei hentar inspirasjon frå den spede ungdomstida til metallen, tilbake til 70-talet, lenge før svartmetall var meir enn ufertilisert sperm i musikkguden sin hårete pung. Når det er sagt, ligg det ein slags svartmetallisk lydestetikk over albumet. Det er veldig organisk og primitivt, og akk so digg!



Eternal Hails har fem sterke låtar. Det er vanskeleg å plukke ut nokon klar favoritt, men eg må seie eg likar sistesporet Lost Arcane City of Uppakra godt. Kanskje mest fordi det er den som skal seg mest ut frå dei andre, og litt fordi siste halve låta har eit sært synthspor som tilfører noko creepy og infernalsk. Uppåkra er for øvrig visstnok ein by der ein i svunnen tid kom for å tilbe Tor, Odin og Frigg.

Å lytte til Eternal Hails har vore nokre fine timar der eg har gått rudt i sola og kost meg med mørkret.