Sandvikbrørne i Kosmodome er eit nytt tilskot til den ett kvart so mangslungne og kompetente proghimmelen i Noreg. Det er Karisma Records som gjer ut debutalbumet Kosmodome, so bandet er i godt selskap med band som Seigmenn, Wobbler og Tusmørke for å nemne nokre. Kosmodome spelar i følge presseskrivet distriktsrock, sjølv om eg ikkje er heilt sikker på kva det er. Musikken er uansett riffbasert med stoner-element satt i eit progressivt univers. Musikken har eit eksplosivt driv der det melodiøse strir mot det tunge og harde. For meg er dette bandet heilt nytt, men dei har holdt på nokre år og gav ut EP’en The Best Of våren 2019.
Musikalsk kjennes det som om 60- og 70-talet har stikke innom for å helse på. Det er mykje nostalgi og atmosfære i dei åtte låtane på albumet, samtidig som dei klarer å flette det saumlaust inn i ei moderne Stoner/prog-ramme. Eit godt døme er låta Deadbeat. Dette er sju minutt med pur musikkglede med synkopar og feit riffing, ispedd eit roleg parti med harmonisang og bongotrommer. Hello Woodstock!
Det som fangar meg med Kosmodome er at det er so inni gamperæva fengande! Eg er i utgangspunktet ikkje ein som set meg ned og lyttar på rock i denne forma so ofte, men trekkast meir mot den svarte og ekstreme varianten av musikken. Likevel overtyder Sandvikbrørne meg. Eg blir i sabla godt humør av å høyre på dette albumet. Musikkglede frå start til slutt, og hovudet nikkar taktfast heile vegen. Songane bølger fram og tilbake med ei slags suggerande rytme og eit godt driv, og songane er satt saman slik at det blir variert og spennande, og eg kjedar meg aldri.
er eit retro-orientert album som blandar det psykedeliske med proggen på ein framifrå måte. Det er eit album som varierer litt i stil frå klassisk stoner rock til space rock via litt herfrå og derfrå. Enkelte stader tenker eg på Øystein Greni og Big Bang, andre gonger dukkar Hawkwind opp i tankane. Albumet blir drive fram av stødig gitarspel og ein vokal med stålkontroll, og eg likar godt måten dei leikar seg med instrumenta. Fiffige gitardetaljar, utforskinga av dynamikk, og det sarte og softe opp mot røffe riff.
Om du er ute etter noko lettfordøyeleg, men samtidig spennande er absolutt noko for deg! Eg har iallfall fått eit nytt band eg skal følge meir med på.