Eg hugsar godt første gong eg såg Ghost live. Det må ha vore på Roskilde i 2011, og dei spelte på Odeon, eit stort og mørkt telt, omtrent midt på natta. Det var ein perfekt setting, men kontrasten til kva bandet har blitt i dag, er ganske enorm. Frå å vere eit okkult, mystisk og farleg band, er dei i dag radiovennlige, komersielle, og eit av verdas største rockeband.

Når det er sagt, har hovudpersonen sjølv, Tobias Forge, klart å halde på eit særpreg, sjølv om det musikalske har utvikla seg. Og slik sett fungerar det framleis godt, i alle fall på mange av songane. I tillegg har det gått frå ein demo som Forge og ein kompis spelte inn nær sagt for moro skuld, utan at han forventa noko av det, til å få med seg verdskjente produsentar og låtskrivarar på ei plate som har ein enormt stor og gjennomført produksjon.

Personleg syntes eg at forrige plate, Prequelle, var det beste bandet hadde laga så langt. Her kombinerte dei pop og metal på ein perfekt måte, med ei historie og en middelaldersk estetikk som passa perfekt i mine øyrer. Denne gongen har dei flytta seg nokre hundre år framover i tid, og plata handlar om ulike imperiers vekst og fall. Det tematiske fungerar bra denne gongen også, sjølv om eg likte det enda bedre sist.

Men det startar på ein fantastisk måte, med ein typisk intro som går over i energibomba Kaisarion. Den blir følgt opp av den minst like poppete Spillways, som i likheit med låta før er ein umiddelbar hit. Her viser Forge sin eminente låtskrivningsevne, sjølv om han som nevnt har fått god hjelp frå popprodusentane Joakim Berg, Salem Al Fakir og Vincent Pontare.



Etter denne eksplosjonen av ein start vert det heile teke ned ganske mange hakk, med singelen Call Me Little Sunshine. Dette er den låta eg har høyrt mest på, sidan den kom som singel, og den er bra den, men ikkje like bra som det meste av det andre på denne plata. Låta høyrest meir ut som “gamle” Ghost, men likevel er det noko litt keitete over låta, den er kanskje litt for lang, som også er tilfellet med eit par andre låter her.

Hunters Moon sitt som eit skudd, og på Watcher in The Sky kombinerer bandet pop og metal på ein like god måte som dei gjorde på Prequelle. Den siste singelen, Twenties, er også ei god låt, men er også ganske masete, og er nok det svakaste sporet på plata, noko som seier sitt. Etter eit nytt kort instrumentalspor, kjem kanskje den beste låta på plata, nemleg den enorme ballada Darkness at The Heart of My Love. Her er Forge opp mot mine andre rolige favorittar av bandet, som He Is, og Life Eternal, og det heile minner om noko Marilyn Manson ville vore stolt av. Mørkt, mektig og stemningsfullt!



Griftwood, med eit riff lånt frå Van Halens Ain’t talking bout love vert nesten for mykje av det gode. Den også kanskje hakket for lang, med eit refreng som mot slutten vert litt anmasande. Men du verden, det er fengjande! Og avsluttninga, med Respite on The Spitalfields er nesten ei like god avslutningslåt som Life Eternal frå forrige plate. Midtpartiet er stjelt frå Still of The Night av Whitesnake, men det funkar!

Ghost har laga ei heilstøpt plate, som er enda meir kommersiell enn den forrige. Den er også litt meir ujamn, men det gjer veldig lite, når det er så gode låter, og så godt produsert. Elsk eller hat dei, dei er komne for for å bli!