Kampfar
Til Klovers Takt
Dei gamle er nok framleis eldst
28 år med ekstremmetal er ikkje for pyser, og ein kunne kanskje tenke at det var tid for å sette ned tempoet og kvile på laurbæra, men det tenker ikkje Kampfar. Dei held fana høgt og er framleis ei kraft å rekne med. Dog er det berre Dolk som er att fra originalbesetninga.
Til Klovers Takt er eit kraftig nikk til det Kampfar starta som, og lar seg inspirerer kraftig av musikken på kassettdemoen dei ga ut i 1995. Det er minst like mykje råskap og kraft i dagens Kampfar som det var den gong då. Det går lett an å like.
Det er alltid kjekt når Facebook og Instagram kan fortelle meg at bandet har samla seg på hytta i Hemsedal. Då veit eg at det er album på gong! Det er der dei trekk seg tilbake for å la seg påvirke av natur og historie. Resultatet har denne gongen blitt til Til Klovers Takt, eit sterkt album i seks kapittel (eller songar om du vil). Kvar låt har sin eigen stil og atmosfære, samtidig som det er umiskjennelig Kampfar. Denne gongen har bandet tatt full kontroll på prosessen fra A til Å, og dei har laga akkurat det albumet dei hadde mål om. Og det høyrest ut til at det var ein suksess.
Det er dei små tinga eg likar so godt med albumet. Dei finurlige gitarsnurrepipperia som til dømes på Flammen fra Nord, riffinga på Rekviem, eller tilløp til allsangmateriale på fleire. Det er til å bli i godt humør av. I tillegg er det ei heilstøypt plate som legg seg godt inn i katalogen til Kampfar. Det er berre å glede seg til å få dette med seg live! Eg har iallfall framleis gode minner fra årets Tons of Rock.

FLERE ANMELDELSER
House of Protection - Outrun You All
En deilig porsjon hardcore, elektronika og rock - men det mangler det ekstra krydderet >>
Sleep Token - Even In Arcadia
Sjangercocktailen Sleep Token avslører noe av ansiktet bak maska etter kjempesuksessen «Take Me Back To Eden» >>
Once Awake - Far Out And Beyond
Det hardtarbeidande metalcorebandet Once Awake er ute med album nummer fem >>