Ledfoot og Ronnie Le Tekrø
Limited Edition Lava Lamp
Den amerikansk-norske duoen er tilbake, og denne gongen med forstrerkningar!
Limited edition Lava Lamp er plate nummer to frå Ledfoot og Ronnie Le Tekrø, og kjem som eit oppfølgaralbum til A Death Divine, frå 2021. Tekrø er nok kjent som gitarist i TNT for dei fleste, mens Ledfoot, eller Tim Scott McConnell for tida er aktuell som komponist for NRK-serien EXIT.
Her har dei også fått med seg forsterkningar. Albumet er produsert av veteran og americana feinschmecker HP Gundersen, og dei har fått med seg en solid gjeng med musikarar. Anders Odden på bass, Markus O Klyve på keyboard og Trond Augland på trommer. HP Gundersen bidreg også med gitar og keyboard. Og plate nummer to har vorte noko meir tilgjengeleg kommersielt, men har likevel vorte ei variert og fin rockeplate.
Det startar med den fortreffelege Little Mary, som ein ikkje kan unngå å verte i godt humør av! Ikkje minst på grunn av den artige teksta som kan minne om noko som både Thin Lizzy og Bob Dylan kunne kome opp med. Den følgast opp med Crying, ei flott ballade som veks på ein jo fleire gongar ein høyrer den.
Ego In The Coffin er kanskje den tyngste låta på plata, og får opp tempoet etter den rolige starten. Teksta er igjen i klassisk tounge in cheek stil, og det er ikkje vanskeleg å forstå at desse karane likar denne sjargongen!
Never Use Your Eyes er ei heilt grei låt, men føles kanskje litt ut som ei transportetappe, og vert litt anmasande totalt sett. Då tek det seg opp igjen med Sailor og det fantastiske og vidåpne tittelkuttet, Limited Edition Lava Lamp, som driv gjøn med konseptet Limited Edition på utmerka vis.
På coverlåta Sister høyrest det ut som Tekrø vist sine vokalferdigheiter, i ei heilt fortreffeleg bluesballade. Ein tenkjer naturleg nok mest på Tekrø som ein eminent gitarist, men i denne låta visar han at han har ei flott songstemme også.
Og This Hurtful Game er ei låt som fint kunne vore med i Exit, og som avsluttar plata på fint vis. Totalt sett er dette ei fin plate, og sjølv om den er meir tilgjengeleg enn den første, er det ikkje alle låtene som fengjer like mykje, og tek det litt tid å verte kjent med lydbildet. Men det er utvilsamt veldig dyktige musikarar, og veldig mykje fin innleving, energi og herleg humor!

FLERE ANMELDELSER
Kevin Morby - More Photographs (A Continuum)
Mye mer enn en kompanjong til fjorårets sterke album. >>
Harald Otterstad og Tor Andersen - Aunt Mary - Never Stop Your Wishful Thinking
Forbilledlig biografi om et av Norges beste 70-tallsband >>
Perry Dear and the Deerstalkers - Oh Dear! Perry Dear and the Deerstalkers in London
Bra 60-tallsretro fra norsk band >>
Honey Dijon - Black Girl Magic
Klassisk housemusik med attityd, och som får folk att stampa fötter. >>
El Caco - Uncelebration
Etter ein solid pause er El Caco igjen ute med ny musikk. Det har blitt litt nytt, men umiskjennelig likevel. >>
The Tallest Man on Earth - Henry St.
Svenske Kristian Matsson, bedre kjent under artistnavnet The Tallest Man on Earth, har gått fra soloprosjekter til å spille inn sitt nyeste album med et komplett band. >>
Metallica - 72 Season
Du veit kva du får, men legendene i Metallica imponerar likevel med 72 Seasons >>