Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll.

Tidlegare i år vart eg gjort merksam på eit nytt norsk rockeband, og vart svært positivt overraska over debutplata We Ain’t Dead Yet frå norske Kardang frå Flekkefjord. Det er på ingen måte noko nyskapande med dette bandet, men til gjengjeld klarer dei å gjenskape sounden til ei rekkje amerikanske 80-tals band som til dømes Bon Jovi, Aerosmith og Def Leppard.

Og Rizky Biznizz gjer nøyaktig det same som debuten, som er å få deg til å setje deg i ein open bil med ei kasse øl, og cruise inn i solnedgangen. Det startar med eit smell, med dei to singlane Change of Heart og Don’t Let me Drive. Desse er akkurat så bra som dei fleste songane på debuten var, og klarer å engasjere ein rockeelskar umiddelbart. Det første ein tenkjer er at dette må vere eit band som skapar god feststemning, samtidig som musikken er betre enn dei fleste andre partyband.

Tittelkuttet Rizky Biznizz luktar det også svidd av, og har eit litt høgare tempo enn mange av dei andre songane, som friskar opp litt midtveis i plata. Og vokalist Owe «Chris Williams» Wilhelmsen har ei stemme som kunne steppa inn i eit hvilket som helst band frå 80-talet. Raspete og tøff, og allsidig som eit strekk, med ei imponerande rekkevidde. Dream Forever seglar inn som ei smekrande fin powerballade mot slutten av albumet, som berre bygg seg meir og meir opp.

Og plata vert avslutta med eit smell med In The End, som er ei kraftfull og overbevisande avslutningslåt av beste sort. Når det er sagt er det litt lengre mellom høgdepunkta denne gongen, og enkelte låter fell desverre litt gjennom og vert litt for klisjefylte. Likevel gjer Kardang akkurat det dei skal med musikken sin, og det er å spele rein, streit rock ‘n roll som du kan høyre på utan å måtte tenkje for mykje. Og det er befriande i seg sjølv. Så gjer deg sjølv ein teneste, og sjekk ut dette bandet og musikken deira, om du treng ei dose rein rock!