Dette kan dei. Det har no gått nesten fem år sidan sist dei ga ut album, men musikkgleda og aggresjonen har ikkje avtatt. Dei spelar framleis knallhard hardcore, eller det dei kallar noko so enkelt og lettfatteleg som post metallic blackened hardcore. Det er iallfall tøffare enn snus frå start til slutt.
LES OGSÅ: Vi besøkte Sibiir i studio
Litt modifisering av sanninga er nok på sin plass. Tempoet har gått litt ned. Det kjennes som det er seigare og at bandet har ei større ro over seg. Låtane er tryggare, på eit vis. Dei har betre tid på seg, det virkar som dei ikkje treng bevise at dei har fart. Låtane har eit preg av meir musikalitet. Undergang minner meir om store, rolege bølger som dundrar inn mot steinknausar enn urolege, hissige og raske straumar. Høyr til dømes på The Flood, den lett episke Watch the World Burn from a House on Fire og The Plague. Sirupriff og feite overgangar! Og overgangen til og refrengriffet på Ruinous er heilt enkelt genialt! No er ikkje dette albumet eit treigt album, det er ein god del yberkjappe partier med kvasse gitarar, og
Undergang er spelt inn i Caliban Studios, og produsert av Ruben Wilhelm. Og eg må berre bøye meg i hatten for produksjonen! Ekstremt digge piggtrågitarar, bassen akkurat passe høg og buldrande, og vokalen har fått heil rett plass i lysbiletet. Og tromminga til Eivind Kjølstad har den rette snerten. Alt i alt høyres det litt orgagnisk og konsertaktig ut, samtidig som det er krystallklart og godt i øyrene. Imponert! Ikkje utan grunn at Sibiir kallar produsenten “det sjette bandmedlemmet”.
Sibiir har levert eit knallsterkt tredjealbum og evner å både fornye seg samtidig som dei er umiskjenneleg Sibiir. Vokalist og tekstforfattar Jimmy høyrest framleis lynforbanna ut, og han synes nok ikkje at menneskeheita handterer dette her særleg bra. Kjip tematikk og litt i overkant dystert, men slikt blir det meget kul musikk ut av!
Obs! Obs! Sibiir spelar på Parkteatret 19. oktober. Det er berre å møte opp for ein knallhard kveld!