Celestial Scourge
Observers of The Inevitable
Norsk brutal death metal i verdsklasse!
Det spirer og gror i den norske metallfaunaen. Heldigvis. Det er utruleg godt å sjå at ungfolar som Eirik Waadeland og resten av Celestial Scourge kastar seg inn i den ekstreme delen av metall. Vi treng at det kjem nye og tar over etter dei gamle. Ikkje det at eg har noko i mot dei gamle. Men ein dag er dei ikkje gamle lenger. Dei er daude. Og då MÅ det vere nokon som tar over. Eg pustar roleg når eg veit at det fins folk som Eirik Waadeland og resten av Celestial Scourge der ute.
Celestial Scourge frå Noreg vart grunnlagt i 2021 av bassist Stian Gundersen. I januar 2023 gav dei ut sin fem-spors debut-EP med namnet Dimensions Unfurled på italienske Time to Kill Records (som for øvreg òg gjer ut albumet). EPen var deira første steg på ei reise inn i kaos og kosmiske drønn. Celestial Scourge er i tillegg til Gundersen på bass og Waadeland på vokal, Kristoffer Lunden på trommer, Hans Jakob Bjørheim og Sindre Wathne Johnsen på gitarar. Dette er kanskje kjende namn for enkelte, for dei har fartstid frå andre band som Blood Red Throne, Deception, Ruun, Glimt, SOAS, Vorbid, Todesking og mange fleire.
Celestial Scourge spelar det sjølve kallar for “kosmisk brutal teknisk dødsmetal”. Det er iallfall brutalt og knallhard. Waadeland sine primalske growls sit tungt i mellomgolvet. Trommis Kristoffer Lunden utfordrar lysets hastigheit på både doble basstrommer og blast beats. Alt i alt er det eit teknisk kompetent band, og Gundersen på bass og dei to gitaristane Hans Jakob Bjørheim og Sindre Wathne Johnsen leverer tunge riff som treff akkurat der dei skal. Dette er aggressivt, brutalt og gjer absolutt ikkje ved dørene. Observers of The Inevitable er absolutt eit knakande godt debutalbum.
Observers of The Inevitable er visstnok inspirert av dei ukjende mysteriane i rommet og dei mange skremmande syna der ute. Elles listar dei opp band som Suffocation, The Faceless, The Zenith Passage, Cattle Decapitation og Cannibal Corpse som inspirasjonskjelder. Vokalist Waadeland blei iallfall observert på Cattle Decapitation-konserten på Rockefeller tidlegare i februar. Kanskje for å plukke opp eit triks eller to?
Eg synes Celestial Scourge har klart å lage ei plate som tar tak i meg og sender meg på forrykande reise. Albumet er godt skrudd og alle instrumenta kjem til sin rett og sloss ikkje om merksemda. Det er eit system i kakafonien, og ei heil bråte med feite riff. Ta til dømes gitarchugginga ca. 1:40 ut i Vessels. Eller i riffa Ancient Forms. Makalaust! Det er 30 adrenalinfylte minutt frå start til slutt, men det einaste eg klarer å tenke i det eg kjem opp for å trekke pusten er at eg vil ha meir! Dei kunne godt ha gjort Observers of The Inevitable minst 10 minutt lenger. Og gjerne ved at låtane varte litt lenger (difor trekk eg litt på totalkarakteren). Med spor 7, Assembling Deformities som eit hederleg unntak. Dette sporet er nok i tillegg kanskje min favoritt frå albumet. Her kjem òg buldrebassen til Gundersen verkeleg godt fram. Deileg!
Det er kanskje tidleg å spå, men eg trur Observers of The Inevitable kjem til å kome høgt på årets best of liste frå meg. I like it. I like it a lot! Det lovar godt for både 2025 og norsk ekstremmetall. Og det hjelp sjølvsagt at eg har fått frå sikre kjelder at det kjem meir frå Uma (nok eit av prosjekta til Waadeland)! Det ser ut til at vi kan glede oss til 2025! Det treng vi med ein skvatt, hakke gal mann bak roret i USA …

FLERE ANMELDELSER
Yndling - As Fast as I Can og It's Almost Like You're Here
Noen har hvisket Yndling noe i øret om produsering >>
Sharon Van Etten - Sharon Van Etten And The Attachment Theory
Suksessfull kollaborasjon i splittelsens tid >>
Avantasia - Here Be Dragons
I over 20 år har Tobias Sammet invitert ulike artistar til sitt Avantasia-prosjekt. Denne gongen går han tilbake til røtene. >>
Levi Henriksen & Babylon Badlands - Aldri var november så lys
Tidenes første livealbum fra Kongsvinger >>
Ulver - Liminal Animals
Ulver leverer framleis musikk på sin måte og med høg kvalitet på Liminal Animals >>