Vreid er altså ute med sitt femte album og vi sendte avgårde et elektronisk brev over fjellene til vokalist og gitarist Sture Dingsøyr.
Fortell litt om innspillingen av det nye albumet.
- Den siste plata vår ”V” har vi spela inn sjølve i vårt eige studio i Oslo (Studio 1184). På tidlegare plater har vi ikkje gjort all produksjon sjølve, men denne gongen følte vi at tida for det var inne. Vi har gjort ein del investeringar i studioutstyr, slik at vi no kan ta heile prosessen sjølve. Det vil seie alt frå preproduksjon, til innspeling og miksing av plata. Det er veldig behageleg å kunne styre prosessen sjølve. Ein er då ikkje avhengig av å gjere t.d. all innspeling i løpet av ein kort periode, men kan la dette gå over tid. Det er fint i høve til la materialet modne. Det er og fint å kunne slappe av i kjende omgjevnader og ikkje minst i godt selskap.
Hva er den største forskjellen fra debutalbumet til dagens utgave av Vreid?
- Veldig mykje. Det første ein legg merke til er naturlegvis produksjon og låtmaterialet. Produksjonen er vil eg seie mykje betre. På ”V” har vi fått fram eit klart og tydeleg lydbilete med masse trøkk”. Akkurat slik vi likar det. Vidare er det og stor skilnad i sjølve låtmaterialet. På ”V” er låtane rett og slett meir komplekse enn på dei første platene. Det er mykje meir som skjer, både på arrangementsida og i utføringa av låtane.
Hvilke andre plater hører dere mest på om dagen?
- Tja …det varierer litt. Men i det siste har eg høyrt ein del på siste plata til Enslaved (Axioma Ethica Odini) og Belphegor (Blood Magick Necromance). Vi i Vreid har faktisk ganske lik musikksmak, så eg tippar at dei andre og har høyrt mykje på desse platene.
Hva mener du er tidenes tre beste metal album?
- Det er ikkje lett å berre velgje tre plater, det mange album som kunne gått inn på denne lista. Men for å prøve:
1. Metallica - …And Justice for All. Er ein soleklar favoritt. Veldig definerande for sjangeren i si tid, og personleg meinar eg dette er noko av det aller beste Metallica har gjort.
2. Megadeth -– Rust in Peace. Utruleg bra plate, fantastiske låtar. Her er verkeleg Mustaine i sitt ess.
3. Sepultura -– Arise. Kanon album, som verkeleg sette standarden.
Det er mye bra norsk musikk om dagen. Hvilke andre norske band mener du man bør følge med på?
- Som du seier finst det mykje bra innan norsk metall. Men det er klart at band som Immortal, Enslaved, Satyricon, Burzum, Emperor, Einherjer, Gorgoroth, Dimmu Borgir og ikkje minst Vreid bør vere obligatoriske om du tenkjer på norsk Black Metal.
Hvilke tre inspirasjonskilder som er en slags fellesnevner innad i bandet vil du trekke frem?
- Vi er alle glade i naturen, og brukar mykje tid der. Personleg er eg veldig interessert i jakt og fiske, og har vakse opp på ein gard. Så om vår/sommar er det mykje fiske det går i. Ut på hausten er det fram med rifla for å gå på hjortejakt. Ut over det er historie, musikk og familie ting som er ein klar fellesnemnar og inspirasjon for oss i bandet.
Journalister og bloggere har en tendens til å hype alle nye band de hører om, for så å glemme de etablerte bandene. Enig/Uenig?
- Tja..for vår eigen del har vi vore med lenge i ”gamet”. Og det er vel først no på siste plata at vi i norske media har fått ein oppsving. Men det er klart at nytt er spanande og gamalt ikkje fullt så mykje.
Hvilket band drømmer dere om å varme opp for, og hvorfor?
- Det må bli Metallica. Det er kanskje det bandet vi alle i Vreid har lytta med til, og som har vore ei stor inspirasjonskjelde for oss alle. Metallica er vel og mykje av grunnen til at vi starta opp med musikk i det heile. Eit fantastisk band som klarar å halde det gåande år etter år.
Vreid "The Sound Of The River" from Dariusz Szermanowicz on Vimeo.