Av Marit Eide

Blant lystige popartistar og hiphopduoar dukkar det noko mørkare rockebandet Kvelertak opp her i Lillehammer. Gutane lovar fullt kjør og eksklusiv verdspremiere på konserten.

Røyk fyller konsertlokalet på Bruket. Det er feststemning allereie midt på lyse dagen. Kanskje er det denne stemninga Kvelertak bringer med seg inn i alle konsertlokaler? I andre etasje er sofabordet dekka med kneip, smør og ost. Ekte husmannskost. To av seks bandmedlem sitt i sofaen; vokalist Erlend Hjelvik og gitarist Vidar Landa.

Korleis vil de beskrive musikken dekans?

– Rock`n`roll og fiskeboll? seier Hjelvik spørjande og ler litt, før han fortset:

– Nei då, veit ikkje heilt eg. Heavy rock e vel det me pleier å seie.
Han er usikker på korleis han skal svare på dette spørsmålet, som er overraskande då han har spelt i bandet i åtte år. Dei to medlemma framstår som audmjuke, sjølv etter at Kvelertak har blitt eit kjend namn for dei fleste. Bandet har turnert mykje i USA og i Europa.
Verdspremiere

Kva kan publikum forvente seg av konserten i kveld?

– Nei det blir vel fullt kjør det. Så blir det høgt, åtvarar vokalisten.
– Me skal ha verdspremiere på tre songar i kveld. Dei er frå det komande albumet, så det er fyrste gong me skal spele dei live. Me er veldig spent på korleis dei blir motteke av publikum, seier Landa.

Gitarist Vidar Land og vokalist Erlend Hjelvik gler seg til å spele for eit publikum som består av både ungdommar og vaksne.

Det er ikkje fyrste gong rockebandet har eit ungdomspublikum, og dei gler seg til kveldens opptreden.

– Det er veldig kult å vere her på Lillehammer. Me har spelt masse på forskjellige ungdomsklubbar rundt om i Noreg, og det pleie som regel å vere veldig kjekt, særlig om det er litt entusiastisk ungdom.

De vil ha mange unge idrettsutøvarar blant publikum i dag, var det nokon gong at de prøvde å lykkast innan ein sport som ung?

Hjelvik ler og ristar litt på hovudet.

–Eg blei tvunge med på mange langrennsturar av familien, men det låg ikkje heilt for meg. Det er vel ein del av den norske oppveksten som ein må igjennom, seier vokalisten og ler.





Skikkeleg musikk

Eg fortel dei to at under eit intervju tidlegare i veka, sa ein ung alpinist at trenaren deira ville ta laget med på Kvelertak-konsert for å lære ungdommane litt om "skikkeleg musikk".

Begge to ler godt og ser litt smigra ut dette. Hjelvik fiklar med skjegget, smilar breitt og seier:

– Åh fett, håpe det fell i smak då.

Bandet syng på norsk, men det har ikkje stått i vegen for stor suksess i utlandet. I april skal dei turnere i USA, i sommar venter festivalar som Øya og Slottsfjell, og så skal dei ut på nye turnear til hausten.

– Det er ikkje noko problem å synge på norsk, eg trur faktisk det gjer oss meir eksotisk i utlandet. Folk synge med uansett om me spele i USA eller Tyskland. Det er skikkeleg kult, seier Landa.

Ny plate, ny lyd

Eg har hørt rykte om at ei ny plate kjem snart?

– Det stemmer! Den er akkurat spelt inn, og eg trur dette er den beste plata me har laga til no. Denne gongen har heile bandet spelt ilag, og me har gjort det i eit take. Det blir ein ny lyd, og det er alltid kjekt å prøve nytt, seier Hjelvik.

Landa overtar:

– Reint musikalsk høyres den nye plata ut som Kvelartak, berre ein vidareføring av det me har haldt på med fram til no. Det er vanskeleg å beskrive, ein må nesten berre høyre det sjølv. Den kjem ut i slutten av mai, men me slepp nok ein ny singel allereie i neste slutten av mars.


Foto: Live Andrea Sulheim/Lillehammer2016