Musikknyheter traff Maciek Ofstad og Vidar Landa på Kulturhuset i Oslo. Dei kom rett frå ein månadslong turne rundt heile USA.

De kjem nettopp frå turnè i USA?
- Maciek: Ja, over heile USA, bortsett frå i sør. Vi har jo lagt bak oss ein del shows der, det er vel åtte turnéar totalt no. Vi har blant anna gjort to runder med Mastodon, og det går relativt bra.

De dukka brått opp gjennom Urørt i 2010 og er alt store både i USA og resten av verda. Det er ein relativt bratt karrierestige?
- Vidar: Urørt var vel i 2009 og fyrsteplata, Kvelertak kom i 2010. No har vi vore på vegen nesten konstant sidan det. Kvelertak har vokst litt etter litt, organisk og gradvis.
M: Men vi har jobba knallhardt, og det er ingen ting som har kome gratis! Det ligg utruleg mange arbeidstimar bak det.
V: Suksess og kor fort det tek kjem jo litt an på kva musikk du lagar og korleis ein jobbar. Vi har kjørt veldig old school med å lage plater og bruke tid på reise ut på turnè og spele dei for folk.

 photo 26dc8ec4-3a77-4f28-b902-59347daf297e_zpsdkwjio9s.jpg

Korleis likar de det harde turnélivet?
- V: Det er gøy på buss. Det er den mest praktiske måten å reise på, men det er ikkje so veldig luksuriøst. Ikkje med den gjengen her iallfall.
M: Det skal ikkje so mykje til for at det ser ut som noko anna enn buss. Det blir litt som ein hybel. Dessutan vinn Europa på turnébuss-konkurransen. Bussane her er mykje finare og betre.
V: I USA har dei jo ikkje lov til å ha dobbeldekkarar.
M: Dei er dessutan litt eldre og meir shabby.
V: For vår del ligg nok òg litt i at vi har eit mindre budsjett i USA.

Korleis er prosessen med å skrive plater?
- V: På denne plata her har vi skrevet alt i lag.
M: Vi blei enige om å ta oss god tid i steden for å turnere. Vi hadde tatt oss eit år fri for å skrive og vere i studio, bruke litt tid på det rett og slett. Men so kom det turnéar som det ikkje var mulig å sei nei til. Vi har likevel ikkje brukt noko meir enn ca. eit år totalt.

Denne plata blei spelt i Norge?
- V: Ja i Oslo. Vi spelte den inn i studioet til Johnny Skalleberg og Kjartan Kristiansen, Amper Tone. Då vi spelte inn Kvelertak og Meir reiste vi til USA. Då var vi på jakt etter sounden til Kurt Balou som hadde produsert mykje av det vi høyrte på då. Dessutan fekk vi mykje, mykje meir for pengane. No ville vi spele inn plata live. Vi ville ha ein heilt annan approach. Rett og slett prøve noko nytt.
M: Tidligare har vi tracka spor for spor. No ville vi pushe oss og utfordre grensene våre.
V: Dette er dessutan den mest nøyaktige gjengivelsen av soundet til Kvelertak. Det er klart at når vi skulle spele inn i eitt take, trengte vi eit større studio.

Eg las i bookleten i plata at de har med trombone og tuba. Kva i alle dagar?
- V: Det var fyrste gong vi har hatt blåsarar med oss. Det var på tide. Vi har jo hatt litt andre rare ting før.
M: Vi tok dei med for å bygge opp under lyden, for å høyres større ut. Det skal ikkje vere so tydeleg, men heller ligge og ulme i bakgrunnen.
V: Det skal jo ikkje vere noko framtredande blåserekke i seg sjølv.

Eg ser at de har no, som før, med ei linje eller to på engelsk før tekstane i bookleten. Kva er dette?
- V: Det er for å gje det utenlandske publikumet ei oppsummering av teksten utan å måtte oversette og trykke heile teksten. Rett og slett for å gje dei eit bilete av kva songane handlar om.

De skal fortsette å synge på norsk?
- V: Erlend er ikkje interessert i å synge på engelsk. Han kan jo engelsk, men han likar best norsk. Det er jo ein ærleg sak.
M. Det er ein veldig stor del av soundet vårt. Fonetisk fungerer det bedre på norsk.
V: Eg klarer ikkje å høyre for meg Kvelertak på engelsk. Det høyres kanskje meir cheesy ut på engelsk.
M: Vi har faktisk eit engelsk vers på Offermat frå Kvelertak. Grunnen til det var ganske enkelt at vi hadde med ein engelsk gjestvokalist frå Trap Them. Og det blei litt for kort tid for han å lære seg norsk ...

Er Kvelertak eit godt gamalt kompisband?
- V: Ja, det kan du sei. Eg og Maciek kjente kvarandre får Stavanger og Sandnes. Eg blei kjent med dei andre via bandet, meir eller mindre. Nokon av dei andre kjente kvarandre frå før. Men ja, det er jo det er; ein kompisgjeng som plutseleg begynte å høyres bra ut.

 photo 010e555d-46e4-4078-9c48-a687a6642d4d_zpsoq7n6tsn.jpg

Kva er drivkrafta bak bandet? Kvar hentar de inspirasjonen frå?
- M: Vi har lyst til å spille musikk som vi synes er kul. Veit ikkje kvar det kjem frå, riffene berre dukkar opp.
V: Vi begynner å jamme saman og køyrer det gjennom Kvelertakfilteret. Deretter blir det anten ein låt, eller so blir det ikkje ein låt.
M: Ikkje noko djupare enn det.
V: Vi prøver å ta dei feitaste tingene frå dei bandene og sjangrane vi høyrer på, og lage noko kult av det. Det er jo òg sjølvsagt ein viss inspirasjon frå dei gamle klassiske banda som Thin Lizzy og Black Sabbath og slikt. Ein høyrer kanskje til dømes litt Van Halen på Nattesferd.
M: Vi har vel ei plattform av mykje det samme, men med litt ulike utstikkarar.

Maciek, du er vel klassisk utdanna innan musikk?
- M: Vel, eg har spelt både filolin og gitar. Men å sei at eg er utdanna er vel å vere slem med dei som faktisk er utdanna! Eg har gått musikkskulen og tatt musikklinja på vidaregåande, men ikkje noko meir enn det.

Blir de inspirert av film?
- M: Definitivt. Film har jo mykje å seie for oss. Det går hand i hand. Det er veldig visuelt og ein blir farga av det ein ser, og spesielt det ein likar.

Kunne de laga filmmusikk? Hadde de tilnærma dykk annerleis eit slikt prosjekt?
- M: Hadde vi fått lov til det hadde det vore so sjukt fett. Klart det er annerleis, ein begynn jo ikkje med blanke ark. Trur eg. Ein ser ei scene, og prøver å bygge opp stemninga under den.
V: Det virkar veldig gøy. Det er nok sjølvsagt litt ulikt frå film til film kor frie tøylar ein har. Og det er jo ein annan måte å jobbe med musikk på en vi gjer når vi spelar inn eit album. Det blir nok eit anna val når det gjeld kva uttrykk ein skal ha.
M: Mastodon har vel laga filmmusikk til Jonah Hex?
V: Vi hadde jo musikk til Trolljegeren [Mjød]! Rulletekstmusikk, då, men det var veldig kult. Det passa veldig bra.

Kor mykje betyr fansen og andre når de skriv? Korleis ser det på det å utvikle det musikalske uttrykket til Kvelertak?
- V: Kvelertak er jo Kvelertak. Det er oss seks, og slik vil det jo alltid vere. Eg veit ikkje.
M: Eg trur det er ein naturleg del av å vere artist å pushe grensene sine litt lenger heile vegen. Elles blir det jo dødsens kjedeleg både for oss og fansen. Men vi skriv det vi vil, og det uttrykket vi har akkurat der og då. Det hadde vore vanskeleg å skrive album nummer ein no, til dømes.
V: Likevel er det jo nokon låtar på Nattesferd som kunne vore på Kvelertak. Vi dreg jo inn litt nye element heile tida. Naturleg utvikling, eigentleg. Eg blir overraska om folk som likar Kvelertak ikkje likar dette albumet. Kanskje det einaste bevisste valget vi har gjort med dette albumet at det ikkje er med noko piano. Det er nok dessutan litt mindre produsert og meir organisk og rått.

Har de nokre låtar de blir lei av å spele?
- M: Stairway to Heaven. Hehe! Eg tenker ikkje so mykje på det. Eg skal vere heilt ærleg å seie at eg ikkje høyrer på Kvelertak på fritida. Dei einaste gongane eg høyrer låtane er stort sett når vi spelar live ... Eg synes til dømes fortsatt det er dritgøy å spele Blodtørst! Eg trur eg aldri blir lei av spele nokon av låtane våre
V: Det kan vere forskjellig frå kveld til kveld. Når det er sagt, er det jo klart at det er gøy å spele nye låtar.

Er det variasjonar på dei ulike songane live? Legg de inn enkle endringar for å sprite det opp?
- V: Det høyres nokso likt ut, ja. Nokon låtar drar vi litt ut med lengre outroar og slikt, men ikkje noko særleg meir enn det.
M. Eg la inn ein alternativ slutt på Mjød ein periode, men so slutta eg for det blei litt kjipt til slutt.

Kva gjer de når de har fri?
- V: Marvin og eg spelar i powerpop-bandet Beachheads, Erlend har black metalbandet sitt, Djevel. Vi brukar ein del tid på det, og kjem nok tid til å bruke meir tid på det i periodar med lite turnering. Elles er det berre å nyte fridagane!
M:Bartending. Eg jobbar litt i ein bar. Det er gøy. Digg å gjere noko heilt anna enn musikk. Det blir ei frisone der eg kan zoome heilt ut. Det har eg funne stor glede i. Eg trudde eg skulle gjere det ein månads tid, og no har det gått eitt år! Det gjeld å cherish fritida man får. Frå og med no til desember er det intenst heile vegen.
V: Det er kjekt med den variasjonen frå det intense livet på vegen. No har vi fri fem, seks veker, so no skal eg jobbe litt med ny plate med Beachheads. Elles likar eg litt den kontrasten mellom det heimlege husmorlivet og det intense turnélivet.
M: Det er mykje zen på kjøkkenet. Det ligg mykje glede i ein god pizza!

Kan ein kombinere turnélivet med familieliv?
- V: Marvin har ein son. Elles har alle meir eller mindre sambuarar eller kjærastar.
M: Eg trur vi kjem til å ha med meir kids og kjærastar i campen vår framover. Når vi no har vore, og skal vere etterkvart, so mykje på vegen, er det fritt fram å ta dei med. Det blir ei heilt anna atmosfære på bussen. Det er moro å ha litt andre folk med. Det er fleire band vi kjenner som har med seg kids. Baroness. Graveyard. Anthrax fløy inn familien. Det er jo bare kult, liksom. Kids som spring rundt blir det meir gøy av for alle.
V: Det kan jo sjølvsagt vere litt vanskeleg, for bussen ser jo ikkje so fin ut alltid, og det er vel begrensa kor lenge dei vil vere med. Ein blir jo sliten av livet, vi er jo på jobb. Men vi er mykje rolegare enn før.
M: Ja, no er vi der. Eg trudde ikkje på det, men no har det skjedd.
V: Det må jo vere plass til båe deler.

I kor stor grad har Kvelertak blitt business? Planlegg de veldig nøye?
- V: Når det er naturleg. Vi har prøvd å få ein viss struktur på det. Men vi er eit sopass aktivt turnerande band at det blir eit veldig uforutsigbart liv. Brått dukkar det opp ein turné ein berre må ta. Vi må nesten berre ta det frå år til år, eller meir realistisk; kvartal til kvartal. Vi er sopass dårlege businessfolk, so det er ikkje noko stor fare for at vi blir berre business.
M: Selvfølgelig; Kvelertak har jo vokst veldig.
V: Ja, no er det jo jobben vår og inntekta vår. Vi må vite at vi har lønn frå månad til månad, men vi har berre gjort det vi alltid har gjort. Den dagen det sluttar å vere gøy, sluttar vi. Vi tenker ikkje so mykje; vi berre spelar.
M: Det er nok det som gjer at vi har hatt suksess. Vi drit litt i korleis det går. Vi vil berre spele og ha good times, gjere det vi diggar og ferdig med det. Vi er berre glad for å ha fans.
V: For nokon band funkar det kanskje å ha det veldig businesslike, men vi er seks totalt forskjellige personar, det nyttar ikkje å sette opp noko plan. Vi berre spelar og alt anna kjem som det kjem.
M: Penicilin blei jo oppfunnet ved ei tilfeldighet, so alt kan jo skje. Bare lat det surre og gå, so får vi sjå.

Korleis blir det med turnering framover?
- M: No blir det festivalar heile sommaren. Deretter er det ei runde i Europa før turnèopning i Trondheim i oktober i haust. Trondheim er alltid gøy. Det er digg å starte turen der.

Kva foretrekk de å spele? Mindre scener eller store stadionkonsertar?
- V: Det er nærmare på små scener. På svære scener er vi so langt vekke frå folk og det føles nesten ut som om vi berre spelar for ein stor plakat. Det er digg med nærheta og tettheta til folket.
M: Det er dritkult å spele på alt egentleg. Det er dritkult å spele på gigantscener, dritfett å spele på Rockefeller, på RIP i Porsgrunn, Roskilde. Alt!
V: Viss eg absolutt måtte velge eit format eg skulle spele på resten av livet, ville det blitt Rockefeller, eller den type scene.
M: Eller Roskilde.

Takk for praten, gutar, og lukke til!



Alle bileter: Paal Audestad