Foto: Øystein Bagle-Tennebø




Då eg vaks opp, blei vi metallfolk ofte sett på som egoistiske slaskar som berre var ute etter å ha det moro og som ikkje brydde oss om noko anna enn oss sjølve. Heldigvis var dette berre ei myte utan noko som helst hald i virkeligheta. Gojira er iallfall eit godt døme på eit metallband som har engasjement som går langt utover musikk og kirkebrenning (som òg ofte blei assosiert med metall). Dei er nemleg langt over gjennomsnittet interessert i miljøvern.

- Det er et komplisert spørsmål. Vi er litt Eco Warriors! Vi har ikkje akkurat den eine, riktige løysinga, men vi kjenner oss veldig i kontakt med naturen og har ein tanke om at for å endre verda, må vi starte med oss sjølve. Det er mykje vi kan gjere med maten vi et og klea vi går med. Alle kan vere med å hjelpe, rett og slett i alle daglegdagse situasjonar. Det er sjølvsagt klart at dette er eit globalt problem som må løysast på politisk internasjonalt, men det er heilt klart komplisert. Landa i Skandinavia er faktisk mykje meir opptatt av desse spørsmåla, og vi ser jo det at fleire store festivalar vi spelar på tek dette på alvor. Der har vi i dei latinske landene som Italia og Frakrike mykje å lære og ligg diverre langt bak dykk.

Det er kanskje lett for eit velståande land som Noreg å bruke ressursar og tid på miljøspørsmål all den tid vi har eit velferdssystem som sørgar for at dei aller fleste har pengar nok til å klare seg. Arbeidsløysa er låg i dei fleste skandinaviske landene og dette gjer det sjølvsagt lettare for politikarane å målrette meir av ressursbruken inn i desse miljøspørsmåla.

- I Frankrike er det mykje større forskjellar mellom fattig og rik og det er mange utan jobb og ei fast inntekt. Dette gjer jo at vi må bruke meir krefter og penger på å sørge for at alle har den velferda dei treng. Men vi har jo faktisk innført forbud mot plastposar. So ting endrar seg sakte, og det er meir fokus på miljøet no enn det har vore før. Når det er sagt, har vi jo diverre framleis atomkraft i Frankrike, men det er mange som demonstrerar og sloss for å stoppe dette. Vi i Gojira prøver iallfall å gjere det vi kan, og vi støttar blant andre Greenpeace og Sea Shepherd og gir pengar til mange slike organisasjonar. Vi er jo artistar, so det vi gjer er jo poesi og musikk, og vi prøver å påvirke politisk gjennom denne poesien. Alt er jo politikk. Det er forresten skremmande med Trump som ny president i USA. Men kanskje er det litt kaos vi treng før ein ser at verda går i feil retning. Eit slags krise for å vekke folk.

Mario seier han ikkje er so god med ord, og har difor valt å uttrykke seg gjennom musikk og maleri. Trommeslagaren brukar mykje av den knappe fritida han har på turné til å male. Det lukta oljemaling i heile backstage-området då eg kom inn der. Mario likar kjensla av å berre gje seg henn til denne sysla utan tankar på noko meining bak det. Likevel er det ikkje vanskeleg å sjå eit miljøverntema i biletene han malar. Han har ein veldig direkte og intuitiv tilnærming til biletene sine. Mykje på same måten Gojira lagar musikken sin.

- Vi prøver å finne ein balanse mellom kven som skriv musikken, men i det siste har det vore Joe (bror hans) og meg som har gjort det meste. Dei to andre gutta koblar ut når dei ikkje er på turné. Joe og eg har alltid vore kreative og det er sik vi finn roa og slappar av; vi skriv musikk eller malar. Det var til dømes Joe og eg som skreiv musikk og tekst til den siste skiva, Magma. Joe bygde eit studio i New York for å kunne gjere alt sjølv. Eg flytta til han og vi budde saman i to år for å skrive, spele inn, mikse og produsere albumet.

Denne kreativiteten virkar å vere eit fellestrekk for Duplantier-familien. I tillegg til Mario og broren Joe, har dei ei syster som fotograferar, og faren var teiknar. Mora var ei eksentrisk og interessant amerikansk dame som var veldig opptatt av kunst generelt. Ho pusha borna sine til å bruke kreativiteten sin og skape noko. Dei var omringa av kunst og musikk heile oppveksten i vesle Ondres på vestkysten av Frankrike, heilt på grensa til Spania. Og det var nok der interessa for havet og miljøet dukka opp. Ondres er kjent for dei store bølgene sine og dei kraftige bølgene kunne bli majestetiske og har alltid veldig inspirerande, spesielt om vinteren.

 photo IMG_7349_zpsozntxeu0.jpeg

Gojira spelar kjapp, aggressiv og teknisk krevande musikk som krev både kondis og ferdigheter, og ein er kvar dag veldig fokusert på kveldens konsert. Mario kunne godt tenke seg å kunne bruke meir tid på å koble av med å gå litt rundt i byane dei spelar, og spesielt Noreg fasinerar han veldig. Diverre har ikkje livet på vegen rom for slike krumspring.

- Vi prøver å sove so mykje som mogeleg. Det er den beste forma for å skape energi. Helst bør vi sove 10 timar for å vere utkvilte og ha nok futt til å gjennomføre konsertane. Det er kanskje eit monotont og litt kjedeleg liv; soving, eting og speling. Difor er det veldig digg å kunne bruke litt av tida på å male. Vi er ikkje 20 år lenger, so vi treng den kvila vi kan få!

Gojira har holdt på sidan 1996, under namnet Godzilla fram til 2001, og som Gojira sidan. Dei blei fort ganske store i heimlandet og gjorde mykje konsertar som headlinarar der. Likevel var dei ganske lenge nesten heilt ukjente utanfor landet.

- Vi har varma opp ein del for band som In Flames og Metallica. Men i 2012 starta vi å headlina vi i Europa òg.

Band som har holdt på so lenge som Gojira, har ofte ein del utskiftingar av medlemmer. Men Gojira har faktisk vore dei same fire gutane heilt sidan 1998. Sidan starten i 1996 har dei faktisk berre bytt ut eitt medlem!

- Kommunikasjon er nøkkelen. Vi er som eit par. Vi må jobbe med kommunikasjon heile vegen. Heldigvis har vi dei same måla og dei same ambisjonane. I tillegg har vi ei god kombinasjon av personlegheter som går veldig godt saman.

Gojira spelte ein gnistrande konsert på Sentrum Scene, og vår anmeldar var so begeistra at han gav dei full pott! I dag blei det òg stadfesta at dei skal spele på Slottsfjell i sommar.