Foto: Øystein Bagle-Tennebø




30. desember var eg invitert til Helvetes Indre Kretser for å snakke med Johannes Thor Sandal og Simen Jakobsen Harstad i Golden Core om det nye albumet, Kosmos Brenner. Eg har tidlegare vore i Hell utanfor Trondheim, ein stad som var overraskande lite uhyggeleg med tanke på namnet. Det var difor med ganske lave skuldre at eg sette meg i bilen, plotta inn adressa eg hadde fått, og køyrde avgarde. Helvetes Indre Kretser høyrest jo unekteleg ikkje ut som ein spesielt triveleg stad. Rett nok var det ei adresse i Groruddalen, men so ille kan det no ikkje vere der, tenkte eg.

Vel framme fekk eg parkert bilen i det som såg ut som eit relativt normalt borettslag, og eg fekk til og med slått av ein prat med den lokale Narvestad som var ute og brøyta og strødde i kulda. Eg fekk aller nådigst lov til å parkere der, for “vi er j@$&lig plaga med at naboer driver å parkerer her, serru!” Eg gjekk opp ein glatt bakke og prøvde å unngå å rutsje tilbake ned same vegen eg kom slik Atle Antonsen gjorde då han intervjua Lars Saabye Christensen i pub-til-pub-sko i si tid. På toppen av bakken på fyrste forsøk, såg eg eit koseleg raudmåla rekkehus (kjeda enebolig?) med adressa eg hadde fått på. Det såg ikkje ut som noko helvete, akkurat. Det skulle vise seg at dette var huset trommis og vokalist Johannes Thor var vaksen opp i, og samtidig HQ til deira eige plateselskap Helvetes Indre Kretser. Eg blei invitert ned på gutterommet der dei har øvd og laga mykje musikk opp gjennom åra. Manager, og pappa, Sandal serverte islandsk julebrus (alkoholfri øl og solo) og julekaker.



De har holdt på i 10 år, korleis er det?
Johannes Thor: 10 årsjubileum i 2024. Vi gjorde vår fyrste konsert på Nordtvet gård sommaren 2014. Ei låt. Fyrste låta vi nokon sinne skreiv. Ein låt, enkelt og greitt. 3 minutt. Det ligg på Youtube. Det er litt rart å sjå tilbake på ting vi har vore med på. Ekstremt rart å sjå på gamle klipp og sjå kor små vi var. Vi var 11 og 13 då vi varma opp for Napalm Death litt seinare. Då vi var so små, var vi ikkje so opptatt av alderen vår, men etter kvart som vi har blitt eldre, har det vore litt irriterande å bli profilert som “dei små”. Nokre gongar har det virka som om andre folk i musikkbransjen har prøvd å snakke ned musikken vår og kommentert på alder og ikkje musikk. Det har av og til kjentes som vi har blitt profilert på alder og ikkje musikk, som om det ikkje har vore fokus på om musikken er bra eller ikkje. Musikken bør stå i fokus, og vi tar gjerne kritikk på den, men hald for all del alderen vår utanfor. Det var til dømes musikken vår som fikk oss på scena på Ay Ay Club den gangen i 2016/2017. Han som arrangerte hadde berre høyrt ein demo og likte det, so han booka oss. Vi blei booka 100 prosent på det vi hadde sendt han. Sjølv om han blei litt overraska då vi troppa opp der og han såg kor unge vi var, men det var musikken han likte so han putta oss på scena uansett.
Simen: Shout out til Espen Krøll! Verdas kulaste fyr! Elles merkar eg jo at til eldre eg blir, til mindre råd og tips får eg frå besservissarar om korleis lyden bør vere, kor høgt eg kan skru ampen, osb.
JT: Vi har jo vore heldig som unge å få varme opp for andre, so no likar vi å dra opp andre unge artistar. Ikkje fordi vi tenker at “Naaawww so søte dei er”. Men vi vil gjere det same for andre som andre gjorde for oss.
S: Vi vil sende det vidare.



No er de ute med Kosmos Brenner, det vanskelege 3. albumet. Korleis har det vore? Eg forstår de har gjett det ut på eige label; det høyrest ut som mykje jobb?
JT: Ja, men so har vi samtidig full kontroll på alle ledd. Vi anset folk til ulike jobbar. Vi har nokon som jobbar med promo og presse, og andre som hjelp med distro, trykk av vinyl, design av cover osb. So blir det vår jobb å få samla alt og syte for at vi har kontroll på heilheita. Ja, det er klart det er ein stor jobb, men då kan vi styre alt sjølv. Det er eit veldig bevisst val. Det er ingen andre som gjer jobben, men vi kan følge med på heile prosessen sjølv og kan styre ting, og sit på enden av visa att med 100 prosent av rettane.
S: Ja, det er heilt klart mykje meir jobb for oss, men vi bestemmer alt sjølve. Ingen styrer oss. Det gjer oss heilt klart meir artistisk fridom. Og so blir det jo litt DIY.
JT: Vi har blitt dyktige til å bruke kontaktnettet vårt for det er verdt. Det har vel vore ein tanke om at “kan du gjere det sjølv; kvifor ikkje”. Det funkar iallfall for oss. Vi er jo ikkje eit bittelite band lenger, men heller ikkje av dei store. Men akkurat store nok til å kunne gjere alt sjølv. Ingen som bestemmer kven av låtane som skal bli singel, eller ingen som vil tvinge oss til å droppe låtar. Det kan vi bestemme sjølve.



Kva med den interne justisen?
JT: Synes vi har ganske god dialog. Selskapstrekanten er meg, Simen og far.
S: Ein lærer seg etter kvart å gje rom for ulike meiningar og ein lærer seg å kome fram til ting gjennom diskusjon. Dette er jo eit prosjekt vi har jobba lenge med. Det har vel vore slik at ofte har vi bestemt ting i god tid. Desse tinga er sjølvsagt, og heldigvis, mykje enklare å få til når vi er heilt sjølvstendige.
JT. Eg bur i København, og det blir jo ein del gruppechat der vi kan diskutere idéar og tankar. Vi har hatt, og har stadig, eit veldig rom for å ta debattane. Vi kan ikkje vere redde for å kommentere på ting vi likar eller ikkje likar, og rommer kritikken frå kvarandre.

Korleis er skriveprosessen for låtane?
S: Det kan variere. Ofte kan eg kome med eit riff eg eg godt nøgd med, som vi so går inn og jobbar med og utviklar og utvider. Andre gongar kjem eg med noko som er so og seie ferdig snekra instrumentalt. Men ei låt kan som sagt oppstå på veldig ulike måtar. Vi har i det siste jobba mykje med rytmiske idéar. Både instrumentalt og vokalt.
JT: Andre gongar er vi heilt blanke og startar berre ein jam og ser kva som kan kome ut av det. Etter på går vi gjennom den og prøver å finne gull! Då er det uhyre viktig å ta opp! Det har skjedd at vi har kome opp med noko veldig kult i slike jammar, men finn ut etterpå at vi har gløymt å ta opp! Det er utruleg kjipt! Og so er det mykje leiking. Bygging av lag på lag på lag. Denne delen kan passe her, og dette riffet kan vi putte inn der. Litt stein på stein.
JT: Meg og far står for tekst. Simen er Riffkongen. Nokon gongar kjem teksten direkte frå ein riffidé. Det går litt i kreative bølger. Vi lagar alltid det instumentelle i låta fyrst. Og so lagar vi ferdig struktur før teksten kjem på.
S: Mitt mindset er at eg skal kunne sette meg ned med akustisk gitar og spele gjennom og synes det let bra. Oppbygginga må funke på kassegitar òg. Det er viktig å ha ein god stamme i låta. Golden Core var faktisk eit instumentalband tidlegare. Det er avgjerande å ha ein god grunnstamme som teksten kan understøtte når den blir lagt på. Rytmikken i teksten kan låse opp noko nytt i låta.
JT: Vi har laga ein del låtar som ikkje har ein god nok stamme, og då blir det ikkje noko av den låta. Den blir lagt i ei skuff. Det blir ikkje skrive tekst til dei som ikkje har ein god nok grunnmur. I slike tilfeller må vi anten tenke noko anna for låta, eller lage noko heilt nytt.



Er tematikken inspirert av det norrøne? Tekstmessig går tankane min til Voluspå
JT: I motsetning til Fimbultýr der alt var på norrønt, er dette albumet annerleis. Vi har oversatt norrøne tekstar til norsk. Ein del av dei er ei fornorsking av gamle norrøne tekstar. Heile albumet kretsar rundt skapelsesteorien i norrøn mytologi.
S: Det som er so kult med det er at det kan tolkast på so mange ulike måtar. Det kan koblast til so mykje som er aktuelt i dag. Utruleg spennande.
JT: EIn del av idéane bak albumet er desse enorme kaoskreftene som kjemper mot kvarandre. Vi treng dei alle for å halde balansen. Vi kan jo dra parallellen til i dag med ulik politikk som står mot kvarandre og kranglar, økonomi, klimakrise, og alle desse problema. Alt truar vår eksistens på ein eller annan måte. Terror, alle desse kaoselementa fins, men vi kan framleis leve her på kloda. På dette albumet har vi vore veldig opptatt av balansen mellom desse kaoskreftene. Folk har ulike meiningar om dei ulike løysingane. Vi treng det eine for å oppnå det andre. Balansen i livet. Balansen i universet. Vi har brukt ulike naturelement i låtane for å understreke denne balansen. Lydande av at vi går i ein åker, lyden av vatn, lynnedslag og torden. Vi har prøvd å spele på balansen mellom det fine og naturlege, samt kaosen i lyden. Kreftene i regn og ild. Vi treng flammane, vi treng vatnet.
S:Vakkert kaos. Det skal vere litt skakt. Det skal rive litt. Og so ender det til slutt i forløysing.
JT: Ta vatn som eit døme. Vi treng vatn for å leve, vi treng det til å vatne plantar til mat, og vi treng det for å drikke det. Men samtidig som vatnet er livgjevande, kan vi dø av det. Det paradoksale mellom den fine krafta i vatn, og den valdsame krafta av at det er det farlegaste som fins. Dualiteten i alle desse elementa vi treng som samtidig kan drepe oss. Eg vil seie at dette er essensen i teamtikken på albumet.
S: Vi sprang omkring kl. 3 på natta og tok opp lydar. Bål og slikt. Området rundt studioet vi spelte inn i var sjukt kult.

Kvar er albumet spelt inn?
S: Det var i Aber studio litt utanfor Halden. Det er ein gamal husmorsskule. Eit svært bygg. Vi budde der i 11 dagar. Denne gamle skulen er ein stad er det openbart spøker. Det var uansett ein fantastisk ting å kunne vere i den bobla. Å berre kunne fokusere på albumet. Berre fullt fokus på å få laga det beste albumet vi fekk til Det var utruleg digg å berre vere der.
JT: Vi såg bevisst etter ein stad å spele inn der vi var litt borte frå alle distraksjonar. Det er klart at det hadde vore meir praktisk å ha gjort det i Oslo, men vi ville kome oss vekk frå freistingane. No kunne vi halde på frå vi våkna til vi la oss. 100 prosent fokus på innspelinga.

Korleis set de opp albumet? Rekkefølge og slikt?
S: Alle låtane er skrive til albumet og plassert tydeleg frå før vi går i studio.
JT: Rekkefølga har vore bestemt ei stund før vi gjekk i studio. Det er ei fortelling. I motsetning til Fimbultýr, som var ei samling av ulike kule låtar, er det her ein raud tråd som drar deg gjennom albumet. Låtane bygger seg opp for seg sjølv, og bygger seg so ned mot neste låt.
S: Plata går gjennom mange stadier. Vi har hatt ein heilt klar kompositorisk tanke gjennom alt. Det har vore utrurleg gøy og jobbe på denne måten med komposisjon av ei heilhet innanfor eit album. Til slutt var det heilt ufatteleg digg å sjå at ting funkar og går opp.



Konsert på Parkteateret?
JT: Vi har eit mål for auge korlesi det skal leggast opp. Eg kjem heim for å øve no straks og skal sette det heilt korrekte formatet for konserten slik at folk som kjem får ei best mogleg oppleving. Det fine her er at vi veit at det er oss dei kjem for å sjå, og då kan vi eksponere dei meir for Golden Core og legge det opp akkurat slik vi har lyst til.

Golden Core feirar 10-årsjubileum med konsert på Parkteatret 24. februar! Det er berre å kjenne si besøkelsestid og møte opp. Det skal iallfall eg!