Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Ulvhedner leverer svartmetall slik dei gjorde det i den spede starten: rått, iskaldt og djupt forankra i norske tradisjonar og arbeiderkultur. Frå første tone er det tydeleg at bandet ikkje berre spelar denne tradisjonen, dei lever henne. Lydbiletet er kornete og grimt, med drivande tremoloriff, primaltrommer og den karakteristiske vokalen som ligg som ein frosttåke over heile settet.
Det som verkeleg skil Ulvhedner ut, er kor gjennomførte dei er visuelt. Eller, kanskje ikkje at dei er visuelle. Det er det mange svartmetallband som er. Det er heller den visuelle stilen. Det er ikkje noko liksminke eller røffe skinnplagg. På scena står dei i støvlar, nikkers, strikkagensarar og bukseselar, og skaper eit uttrykk som både er røft og jordnært, ei form for mørklagt bygderomantikk som perfekt matchar musikken.
Høgdepunktet låtmessig, kom med Gravhaugen, ein låt som bygde seg opp frå eit seigt, nesten rituelt hovudriff til eit desperat, stormpiskande crescendo. Her synte bandet kor gode dei er på dynamikk: frå mørk, tung atmosfære til eksplosiv froststorm. Konsertutgåva var endå meir intens enn på plate, og publikum vart verande heilt stille mellom dei tyngste partia, som om låta sugde alt lys og lyd til seg.
Nesten like sterk var Solnedgang, som trefte ein meir melankolsk tone utan å miste den rå krafta. Det var noko nesten majestetisk over korleis melodilinja la seg over riffa, som noko varmt i vinterkulda. Kanskje eit lys frå eit vindauge i vinternatta? Låta fungerte som eit pust mellom dei meir aggressive innslaga, utan at energien blei noko lavare. Det var meir som ein super kontrast til resten.
Publikum fekk ein konsert som både hyllar og held i live den klassiske svartmetallen frå 90-talet, utan at det kjennest som nostalgi for nostalgien si skuld. Ulvhedner er ekte, kompromisslause og solide tvers gjennom. Ein konsert som sit lenge i både øyra og margen.











