Foto: Øystein Bagle-Tennebø




In Vain er eit band som har bygd seg opp eit solid rykte for teknisk presise og atmosfæriske liveopptredenar, og forventningane var høge då dei gjekk på scena denne kvelden. Setlista var gjennomtenkt og tok publikum med gjennom ulike fasettar av bandet sitt uttrykk. Musikalsk var det lite å utsette på framføringa, men scenisk var konserten meir tilbakehalden enn ein kunne ønskt seg.

Opninga med Shadows to Flap Their Black Wings la grunnlaget med tunge riff, presise trommer og ein vokal som bar låten godt. Dette er ein song som i utgangspunktet har potensiale til å rive publikum med seg frå første minutt, og lydmessig fungerte han godt. Likevel var det noko forsiktig over bandet på scena; dei verka konsentrerte og litt tilbaketrekte, og energien nådde ikkje heilt ut i salen.



Låtane på setlista har både driv og rytme, og gitarane og trommene var solide gjennom heile konserten. Det var ein god dynamikk i låtvala, og det er ikkje tvil om at In Vain har ein rikhaldeg låtflora og ta av. Men det var ikkje heilt klaff i sjølve opptreden. Ein sat med kjensla av at musikarane var meir opptekne av å levere låtane teknisk korrekt enn å bygge opp ei levande stemning. Eller om dei hadde fått epileptisk anfall av den noget overdrivne bruken av strobelys?

Midt i settet kom Captivating Solitude, og det blei ein av kveldens mest stemningsfulle stunder. Den melankolske og meditative karakteren i låten blei framført med stor musikalitet, og det var tydeleg at bandet hadde full kontroll på dynamikk og detaljar. Dette var eit av dei augeblikka der musikken aleine bar opplevinga.

At the Going Down of the Sun løfta intensiteten igjen. Låten er dramatisk og brei i uttrykket, og live blei han eit av dei meir imponerande lydmessige partia av konserten. Gitarriffa var massive, trommene kraftige og presise, og vokalen hadde autoritet. Likevel var scenen framleis prega av same rolege og noko statiske tilnærming. Det var aldri dårleg, berre litt uengasjert.



Mot slutten fekk vi Image of Time, ein av dei melodisk sterkaste låtane i settet. Framføringa var dynamisk og gjennomført, og her merka ein igjen det solide handverket bandet sit inne med. Her klarte bandet og ta opp kontakta med publikum eit hakk, og det virka som dei hadde spelt seg varme

Som avslutting kom Against the Grain, eit naturleg og energisk punktum. Musikalsk fungerte det bra; teknisk var det presist og samspelt. Men som avslutning mangla det den siste gnisten som skil ein god konsert frå ein verkeleg minneverdig.

Oppsummert leverte In Vain ein svært solid musikalsk prestasjon, men ei noko tam liveoppleving. Dei speler med tryggleik, kompetanse og ei rik detaljkjensle. Samstundes klarte dei ikkje å ta det viktige steget ut mot publikum, og difor fekk konserten aldri den energien eller samhaldet som kunne ha løfta han frå god til strålande. Det var ein kveld for øyrene meir enn for kroppen.