Foto: Øystein Bagle-Tennebø




Då eg var i min spede ungdom, var Seigmen eit av dei banda som til tider gjekk på repeat. Spesielt albuma Total, Hjernen er alene og Metropolis fekk køyrt seg på CD-spelaren. Dette var på det glade 90-talet, so det er smått imponerande at eg faktisk aldri før har sett dei på konsert! Alle eg kjenner som har det (og ein del av dei som ikkje har det), misunte meg denne konserten. So det var vel berre å glede seg!

Seigmen er blant dei mest ikoniske norske banda, og har ein trufast følgarskare. Etter nokre år med tørke for fansen, kom dei i fjor ut med Resonans og for litt under ein månad sidan kom Dissonans (og siste del av triologien kjem neste år). Det har vore til stor jubel frå både fans og anmeldarkorps. Spesielt på årets album har Seigmen musikalsk tatt oss med tilbake til starten på karriera. Det er litt meir rocka og pønka.



Bandet sparka i gang den komande Noregsturnéen sin på Spetakkelfestivalen i Larvik. Meir eller mindre heimebane. Møklebost og gjengen var i strålande form, og det gjekk ikke lenge før vokalisten hadde publikum i si hule hand. Det starta med eit par låtar frå dei to siste albuma, før dei banka ut ein fabelakteg versjon av Døderlein. Det var kveldens fyrste gåsehudoppleving. Eg hadde nesten gløymt for ein glitrande låt dette er!

Resten av konserten bølga fram og tilbake i den rikhaldege diskografien til bandet. Frå det majestetisk svulstige og grandiose, til det meir rocka og rifftunge. Eg er nok ein som likar best det tidlege, men det er mykje frå det nye som svingar hardt òg. (Dyret) 23 Bud er ein av desse. For ein låt, og den funkar meget godt live. Ikkje minst som fyrste ekstranummer før “the moment we´ve all been waiting for”: Hjernen er alene. Det er på sin plass med eit hjarteleg takk til Lars Lillo Stenberg for ein aldeles makalaus låt! Utan tvil eit av høgdepunktet for kvelden, og eit perfekt punktum for kvelden. Publikum er med på allsang og jubelen står i taket frå fyrste tone.



Kveldens konsert var rett og slett eit bevis på at Seigmen er eit av dei beste norske livebanda. Kanskje er Seigmen eit litt annerleis enn dei andre banda på Spetakkelfestivalen, men kven bryr seg? Det er eit meget godt liveband, og musikken er kul. So då er det berre å bøye seg i hatten og takke både band og festivalarrangørar for ei knakande god avslutting på dagen.