Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Shog frå Bergen/Stavanger var det andre bandet ut på festivalens siste dag, og sjølv om tidspunktet og dei tidlege timane hadde gjort sitt med publikumsoppmøtet, lét ikkje bandet seg merke med at det var glissent i Jotron Arena. Tvert imot: Shog gønna på som om dei spelte for ein fullsett hall, og den innstillinga var med på å løfte ein konsert som lett kunne ha drukna. Dette var ein av dei konsertane som beviste at energi ikkje nødvendigvis kjem frå salen ...

Shog er heilt ubeskrive for meg, men dei har ein aggressive, sinna og til tider kaotiske musikalsk signatur, ein miks som hentar både frå hardcore, moderne metal og raseriet til punken. Eg synes ofte fleire band i denne sjangeren viser godt kontrasten mellom den musikalske brutaliteten og smil, latter og intern glede dei viser på scena. Det gjer at dei ikkje berre er harde, dei er også menneskelege, og det skapar ei smittande stemning.



Allereie frå første riff var det klart at bandet ikkje kom til å spare på noko (dei starta vel etter mine berekningar 5 min før tida òg). Intensiteten var på topp frå start, og sjølv når dei stotra litt i eit par av låtane – små rytmiske glipptak og ein overgang eller to som ikkje sat 100 prosent drønna dei på vidare. Shog spelar med ein type råskap og uro som gjer at småfeil nesten blir ein del av uttrykket: det levande, det impulsive, det som gjer ein konsert unik. Likevel er det tydeleg at dei har potensial til å stramme inn litt på dei tekniske detaljane etter kvart. Med litt meir erfaring på større scener kan dei lett løfte presisjonen utan å miste det villdyret som dei utan tvil bær i seg.

Noko dei derimot med fordel kan jobbe vidare med, er det som skjer mellom låtane. Her blei det litt mykje pausar, litt nøling og ein følelse av at dei ikkje heilt hadde ein plan for korleis dei ville binde settet saman. Band med så mykje kraft som Shog kan med fordel bruke desse mellomromma til å bygge opp spenning, kommunisere med publikum eller berre halde energien oppe. Når ein musikkstil er så intens som deira, kan overgongane mellom låtane vere avgjerande for opplevinga av ein samanhengande konsert. Her låg det ubrukt potensial.



Låtmessig var dei sterkaste augeblikka for min del Jazzy Lady, Count the Loss og Nueva Etica. Desse tre låtane var perfekte dømer på bandet si evne til å kombinere melodiske fragment med beinhard aggressivitet. Det var dei som best synte kor mykje potensial som ligg i Shog, både musikalsk og scenisk. Her sat både trommespelt og gitararbeidet ekstra godt, og publikum, sjølv om dei ikkje var mange, responderte merkbart.

Trass i at publikum var få, var responsen varm, og mykje av æra for det går til bandet sin haldning. Dei spelte ikkje eitt sekund som om dei syntest synd på seg sjølve. Dei spelte som om dette var ein sjanse til å vise kva dei kan. Og meir enn noko anna, viste dei at dei har noko genuint å kome med. Ein kombinasjon av intensitet, speleglede og humor.



Shog manglar framleis litt finpuss, særleg i overgangar og enkelte tekniske parti, men dei har det viktigaste allereie på plass: identitet, energi, personlegdom og eit uttrykk som både rasar og smiler på same tid. Det er vanskeleg å ikkje bli glad av eit band som høyres so sinte ut, men ler så mykje.