Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Av alle banda som stod på programmet denne kvelden, var det Deception eg hadde gleda meg aller mest til. Eg har følgt dei ei stund, men av ulike grunnar aldri fått høve til å sjå dei live før no. Når det er sagt, har eg sett eit par av bandmedlemene i aksjon i Celestial Scourge, og visste difor at nivået både teknisk og energimessig kunne bli skyhøgt. Difor var forventningane store då dei gjekk på scena, og jammen leverte dei ikkje akkurat slik ein håpa: med pønsj, presisjon og brutalitet.

Deception starta konserten med Iblis’ Mistress, ein låt som umiddelbart sette standarden for resten av settet. Her fekk vi akkurat det ein vil ha frå ein opning. Massive riff, eit rytmisk driv som drog oss rett inn i universet deira, og ein vokalprestasjon som var både hissig og full av kraft. Dei følgde opp med to låtar til frå det nye albumet Daenacteh, og det var tydeleg at materialet frå denne plata ikkje berre fungerer i studio, det slår endå hardare live. Dei nye låtane hadde eit ekstra lag av energi, som om bandet sjølv framleis kjenner på adrenalinrush over å få spele dei for eit publikum.



Det som imponerte meg med Deception live, var at dei leverer låt etter låt med ei nærmast maskinell presisjon utan at det på noko tidspunkt kjennest mekanisk. Feite, knallsterke riff låg som eit kraftfelt over heile lokalet, og gitararbeidet var både teknisk imponerande og melodisk gjennomtenkt. Trommene var eit eige kapittel, knallharde, presise og med eit trøkk som gjorde at ein fysisk kunne kjenne pulsen i musikken. Bass og vokal la seg oppå denne grunnmuren og skapte ei totalpakke som var akkurat så kompromisslaus som god dødsmetall skal vere.

Sjølv om dei leverte frå fyrste låt, var det nest siste låt, Asphyxia som virkeleg ga meg ståpels. Her gjekk bandet frå imponerande til regelrett overlegne. Låta vart levert med ein intensitet som gjorde at heile rommet endra karakter. Det var akkurat her publikum verkeleg vakna. Mosh pit og crowd surfing tok av, og ein kunne sjå at bandet sjølv drog ekstra næring frå responsen.



Det var ingen svake punkt i settet, ingen låtar som fall gjennom. Det kjentes som om bandet hadde ein klar plan for intensitetskurva, og sjølv i dei mest teknisk krevjande partia var dei like samspelte som om dei hadde gjort dette dagleg i eit heilt liv. Det var også tydeleg at dei koste seg på scena, noko som alltid smittar over på publikum.

Når alt kom til alt, var denne konserten akkurat det eg hadde håpa på, og litt til. Deception leverte ein opptreden som var både musikalsk sylskarp og fysisk eksplosiv. Etterpå sat ein igjen med bankande puls, eit lite sus i øyrene og eit breitt smil.

Den absolutt sterkaste konsertopplevinga frå kvelden og absolutt verdt ventetida.