Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Taake leverte ein konsert som var ein perfekt og brutal finale på årets Spetakkelfestival. Der andre band denne helga av og til sleit med glissent oppmøte eller litt slapp respons, sørga Hoest og kompani for å blåse ut dei siste restane av energi frå publikum, uansett kor mange som stod att framfor scena. Dette var knallhardt, rått og nådelaust, akkurat slik Taake skal vere.
Hoest er ein av dei mest særegne frontfigurane i norsk svartmetall, og denne kvelden viste han igjen kvifor. Han framstod som eit mannevondt dyr i bur, der han gjekk fram og tilbake på scena med eit uttrykk som balanserte perfekt mellom kontrollert raseri og teatralsk intensitet. Som frontmann treng han aldri å overspele. Kroppsspråket, blikka og den gjennomtrengande vokalen gjer jobben, det er ein type tilstedeværelse som er umogleg å lære seg. Hoest er Hoest, ferdig snakka.
Bandet spela med ein presisjon som gjorde at dei harde, iskalde riffa slo like brutalt som dei gjer på plate, berre med ekstra liv og tyngde. Trommene var eit konstant batteri av driv og kraft, og gitarlinjene veksla mellom det melodiske og det ubarmhjertige. Lyden var klar nok til å få fram alle detaljane, men samtidig skitten nok til å bevare den rette stemninga. Akkurat slik ein Taake-konsert skal vere.
Eit høgdepunkt var, ikkje overraskande, Myr, der banjoen gjorde sin faste entré. Det er ein detalj som alltid får publikum til å glise, og denne kvelden var ikkje eit unntak. Banjopartiet funka fjell, og blei eit naturleg høgdepunkt som løfta stemninga ytterlegare.
Midt i settet dukka det òg opp ein gjesteartist, men verken eg eller nokon av dei eg snakka med etter konserten hadde heilt kontroll på kven det var. Det gjorde eigentleg ingenting, gjesteinnslaget passa fint inn og gav settet ein ekstra dimensjon, sjølv om identiteten forblir (for meg, iallfall) eit lite festivalmysterium. (Ei litta redigering: vokalisten var Vrangsinn frå blant anna Carpathian Forest, og låta var Cold av The Cure.)
Taake var eit meget godt val som avslutning på årets Spetakkelfestival. Dei leverte ein konsert som framstod både profesjonell og hemningslaus, mørk og moro på same tid. Trass i at det hadde vore litt glissent med folk på nokre av konsertane tidlegare på festivalen, runda Taake av det heile med ein fabelaktig og kompromisslaus konsert.
Spetakkelfestivalen kan oppsummere året med variasjon, gode band og eit sterkt punktum. Taake sørga for at det slutta akkurat slik det skulle, med brak, røyk og ei god dose norsk svartmetall i blodet. Eit aldri so lite hjartesukk til slutt; neste år kan dei godt roe litt ned på bruken av strobelys!











