Indie Recordings har sidan 2005 gjett ut norsk metall. Det som starta som eit hobbyprosjekt utvikla seg fort til å bli det leiande plateselskapet i Skandinavia. Dei har i desse ti årene vore trufaste mot målet sitt om å gje ut musikken dei likar best sjølv; rock og metall. Når ein går gjennom banda Indie har gjett ut, kan ein ikkje anna enn å bli imponert. Kvelertak, Satyricon, 1349, Enslaved, Wardruna, Vreid, osb. Norsk musikk treng selskap som dette! Hurra for Indie Recordings og måtte det bli monge fleire jubileum å feire i framtida!

For å markere jubileumet sitt ordentleg, har dei sendt Vredehammer, Vreid og Keep of Kalessin ut på ein månadslong turné i Europa. Torsdag var dei på Rockefeller og gjorde ein strålande konsert, i namnet til den svarte metallen.

Gildet starta med Vredehammer frå Mo i Rana. Lyden var diverre litt grumsete, og det gjorde ein del for heilhetsinntrykket til dei få som hadde kome tidleg for å få dei med seg. Likevel banka dei på for full maskin og leverte ein rå halvtime med metall. Vokalist og gitarist Per Valla er dreven og klarte å få med seg den nesten folketome salen på Rockefeller og stemninga var god. Det er få ting som får stemninga på topp som ein skål i ny og ne.

 photo Vredehammer_Therese Wangberg_001_zpsnbekmjqn.jpg

Etter at Vredehammer hadde gjett seg var det tid for Vreid. Rockefeller fylte seg opp meir og meir, men det blei diverre aldri heilt fullt. Det hadde kanskje vore ein betre idé å ha konserten på John Dee. Då hadde det vore stappa og det hadde nok tatt enno meir av. Sjølv på ein torsdags kveld. Likevel var det godt å høyre introen på Når Byane Brenn frå scena. Eg fekk heilt rett i at denne låta kom til å fungere meget godt live. Sjølv om eg framleis er sikker på at den hadde blitt enno kulare med pauker i introen.

Det er godt å sjå band som trives på scena og som er samspelte. Vreid hadde tydelegvis spelt seg varme på turnéen, for dette sat som eit skudd. Og det var ikkje tvil om at dei hadde det moro.

 photo Vreid_Therese Wangberg_002_zpssmku0yqp.jpg

Litt rart er det no å sjå eit svartmetall-band som får eit brett med musserande vin i stettglas på scena og skålar med publikum med det … Det var sjølvsagt jubileum og feiring, men det kræsja liksom litt med resten av settinga. Utan at dette gjorde noko som helst med den musikalske opplevinga, altso.

 photo Vreid_Therese Wangberg_003_zps7cyeae8v.jpg

Keep of Kalessin avrunda kvelden hardt og brutalt. Dei gjekk ut for fullt og berre auka på derfrå. Eg blir alltid imponert over trommisane på slike konsertar. Dei doble basstrommene går konstant i eit forrykande tempo, og eg er heilt sikker på at beina tilbakelegg det som tilsvarar ein maraton. No skal det vere sagt at trommisen i Keep of Kalessin brukar klick-pedalar, men likevel er det imponerande. Ikkje mindre imponerande er headbanginga til spesielt bassist Robin "Wizziac" Isaksen. Hovudet er nesten ikkje i ro eit sekund under den gode timen dei spelar.

 photo Keepofkalessin_Therese Wangberg_003_zpsrtvc0dfm.jpg

Ei av livetutfordringane til trioar som Keep of Kalessin, er at eg saknar litt fylde ein ekstra gitar hadde tilført. Det blir litt tynt i nokre parti, og eg skulle ønske meg litt meir av fylde og tyngde. Elles kunne lyden ha vore gjennomgåande betre. Det var for stor skilnad på lyden ut frå kvar eg sto. Det bør ikkje vere slik at ein er prisgitt kvar ein blir ståande på konsert. Det bør vere like mykje trykk og lyd uavhengig av dette. Fotografen klaga sjølvsagt på lyssettinga og meinte at det var for mykje motlys og bruk av strobelys, men for meg som berre var der for konserten sin del, var dette berre kult.

 photo Keepofkalessin_Therese Wangberg_002_zpsvzsbo25r.jpg

Vokalist Arnt "Obsidian C." Grønbech hadde ei fin takketale til Indie Recordings før siste nummer, og meir eller mindre lova at Keep of Kalessin skal kome tilbake til Rockefeller i 2016 for spele heile Armada frå start til slutt. Det kan bli stas.

Foto: Therese C. Wangberg