The fifth angel poured out his bowl on the throne of the beast, and its kingdom was plunged into darkness. People gnawed their tongues in agony.

Slik startar Gnaw Their Tongues sitt sett. Det lovar både dystert og godt. I tillegg fekk vi forklaring på kvar dei har henta namnet sitt frå. Johannes Openbaring, 16-10. Særleg originalt å bruke Johannes Openbaring? Neppe. Men det er heldigvis ikkje noko frampeik om det musikalske.

 photo Gnaw their tongues_zps0qblxr8m.jpg

Nederlendaren Eric har fått med seg ein bassist på scena. Bassisten er i tillegg den som står for mesteparten av vokalen. Om ein kan kalle det vokal. Det er ein kombinasjon av snerring, growling og desperate skrik. Musikken dei leverer blir akkompagnert av ein einsleg spot som lyser opp bassisten, medan Eric sjølv berre kan skimtast i lyset frå Macen han samplar og legg lydsporet frå. Ei heller dunkel og atmosfærisk belysning som passar veldig godt til den depressive og skumle veggen av støy. Det heile er ei intens oppleving som kan skremme Fanden på flatmark.

Eg tek meg eit par gongar i å vere litt skuffa over at dei to på scena ikkje ser særleg skumle ut eller ser ut som om dei spelar i dette bandet. Eg hadde nesten håpa at dei skulle vere eit par tynne, bleike figurar som ikkje hadde sett dagslys på åresvis, men når ein berre ser på dei, kan dei til forveksling sjå ut som to heilt normale menn som ser ut til å klare seg godt sosialt.

Eg likte settet Gnaw Their Tongues gjorde, men eg lyt innrømme at det blei noko einsformeg. Tre kvarter med krevande og desperat noise-metall krev sin mann. Dei kunne gjerne tatt med litt meir av dei rolegare (i den grad ein kan kalle musikken til Gnaw Their Tongues roleg) låtane for å variere litt meir.

Etter ei lita pause på eit kvarter, labba det fem unge karar gjennom publikum og opp på scena. Vokalist A sette frå seg skoene sine foran scena før han gjekk opp. Heile bandet stilte seg med ryggen til publikum og venta. Det var berre trommisen som sat vendt mot oss. Slik blei dei ståande resten av konserten. Med eit lite unntak då A bles ut lysene som var på lysestaken midt foran på scena.

 photo DISL.2_zpsaaqjqx6r.jpg

Etter ein majestetisk intro, drog Dragged Into Sunlight i gang for full maskin. Dette var noke heilt anna og meir musikalsk enn GTT. Dei var to gitaristar, bassist, trommis og vokalist.

Om Dragged Into Sunlight starta for full maskin, auka dei berre på utover konserten. Energien spredte seg fort ut i rommet og publikum blei nærast slått i bakken av det som blei levert frå scena. Dette er slik eg vil konsertar skal vere: eit band som står på scena og spelar som var det livet om å gjere! Dei gjer absolutt alt! Det er enno meir suggerande og energisk enn albumene. Musikalsk er det ein fabelaktig kominasjon av feite riff, hypnotiske fraseringar og 100 prosent energi. Vi som sto heilt framme ved scena kunne kjenne svettelukt blanda med lukta av røykmaskin bli pumpa utover rommet av trykkbølgene frå musikken. Tre kvarter blir altfor lite. Dei kunne gjerne ha spelt ein time til utan at det gjorde noko.

 photo DISL3_zpswrads2gy.jpg

Dragged Into Sunlight er óg eit musikalsk lite tilgjengeleg band og ein skal ha høyrt litt metall før for å få noko ut av det. På CD/LP. Live trur eg alle som likar musikk hadde blitt rive med. Eg er heilt sikker på at vi ca. 50 som var på pokalen denne kvelden fekk med oss ein konsert som det kjem til å bli vanskeleg å overgå. Eller for å seie det slik; dei 647,626 (ifølge Wikipedia var det 647,676 innbyggar i Oslo januar 2015) andre innbyggarene i Oslo kan angre. Dette burde dei ikkje ha gått glipp av. Det er berre å begynne å håpe at dei kjem att snart!

Foto: Øystein Bagle-Tennebø