«Tales from Mythological Forests»

I år har Enslaved holdt det gåande i 25 år! Faktisk nesten like lenge som Rockefeller har eksistert. (Rockefeller fyller 30 år i år.) I høve sitt jubileum har bandet sett saman ei rekke spesielle konsertar, der dei plukkar låtar frå dei ulike epokane dei har vore gjennom i karriera. I går spelte dei for eit lydhørt publikum på Rockefeller. Konserten var diverre ikkje utsolgt, men dei som var der gjorde likevel ein god jobb.

Konserten begynte med tre låtar frå Frost og Eld. Desse tre låtane er gode bileter på Enslaved anno midt-1990 og beskriv veldig godt kvifor Enslaved fekk det namnet i den norske metallverda dei faktisk har. Dette er energisk, brutalt og kjapt, og heldigvis klarer Grutle Kjellson og resten av bandet og få det med seg ut på scena. Det er ikkje tvil om at Enslaved har spelt saman lenge, for dette sit akkurat so tight og trygt som det skal. Eit av mine ankepunkt med konsertar i denne sjangeren generelt er at det ikkje alltid blir like godt gjennomført live, og ofte kan det virke som om manglande ferdigheter blir dyssa ned i grumsete og dårleg lyd. Det slepp heldigvis Enslaved. Lyden er upåklageleg og ein får med seg dei fleste av nyansane og dynamikken i låtane samtidig som den likevel har den litt grumsete, buldrande sounden svart vikingmetall skal ha.

 photo Enslaved bass_gitar_zps0mvfab11.jpg

Enslaved, med Kjellson i spissen, er trygge og komfortable på scena, og praten mellom songane flyt lett og blir ikkje korkje klein eller påtrengande. Dette har dei gjort før, kan du sei. Kjellson får lett med seg publikum. Enslaved er ein harry gjeng, og prøver ikkje å vere noko anna, so her går det i vitsing, skåling og hoiing.

 photo Enslaved to_zpsfbvp2jas.jpg

Eit av høgdepunktene på konserten er Alfadr Odhinn. Dette er ein låt heilt tilbake frå demoen dei i si tid laga, og er nok eit krondøme på kvifor Enslaved er der dei er i dag. Dette er ein fabelakteg låt der dei virkeleg får vist kva dei er gode for i kraft, tempo og teknikk, og dei får publikum med seg i sine frenetiske og suggerande fraseringar og taktskifter. I tillegg får dei akk so aktuelle Odins Soldater eit velfortjent stikk. Etter låta er ferdig, latterleggjer Kjellson dei på det ypparste og ber dei resolutt om å dra til Helvete! Til jubel og applaus frå salen. Kjellson avsluttar dissen med å ein gong for alle ta avstand frå den gjengen med å proklamere at dei ikkje er Odins soldatar, men er Soldiers of Loke. Ein fiffig overgang til ein brutal versjon av Loke.

 photo Enslaved trommis_zps0y0v345f.jpg

Mot slutten av konserten har Enslaved laga ein medley av to låtar frå Mardraum og In Times. Her har dei i tillegg fått med seg eit barnekor på 13 kvitkledde kids. Dette fungerar faktisk overraskande bra. Kombinasjonen av vevre og lyse barnestemmer passar godt inn i den brutale og snerrande musikken.

 photo Enslaved bass 1_zpstvyv9qln.jpg

Enslaved gjennomfører den standard gå-av-scena-og-nyte-applausen-med-we-want-more-roping-før-ekstranummer-pausa. (Eg personleg har aldri heilt skjønt opplegget med denne pausa. Kan ein ikkje berre spele seg ferdig med ein gong? Dette er tullete!) Når dei kjem på scena att, avsluttar dei med eit par knallharde låtar, deriblant min absolutte Enslaved-favoritt, Isa. Dette er gåsehudframkallande og eit strålande punktum for kveldens jubileum! Takk for 25 brutale år og ein strålande konsert. Eg kjem gjerne på neste jubileum!

Foto: Øystein Bagle-Tennebø