Foto: Øystein Bagle-Tennebø

I 1994 ga Mayhem ut ei av dei mest sagnomsuste og sjangerdefinerande platene i svartmetallen, De Mysterriis dom Sathanas. Innspelinga av plata var prega av interne stridighetar mellom Øystein Aarseth og Varg Vikernes. Det endte som dei fleste kjenner til med at Vikernes knivstakk og drap Aarseth i august 1993. Plata kom likevel ut i mai 1994.

 photo bassgitar_zpst6ndme6n.jpg

Mayhem er no på turné for å spele denne plata frå start til slutt, noko som er fyrste gong dei gjer. Sentralen var fylt av spente og forventningsfulle fans i svart skinn og oppnedkors i ulike variantar. Mayhem har dog eit rykte på seg for å vere litt varierande live, og underteikna var veldig spent på om dette kom til å vere ein av dei konsertane på den nedre delen av skalaen. Eg måtte berre krysse fingrane og håpe at dei skulle levere når dei var på heimebane.

Etter at oppvarmingsbandet var ferdig, blei scena rigga til med oppnedkors og stanistiske figurar, og midt på scena plasserte dei eit slags alter med ein hodeskalle og to stearinlys på. Etter det som eg synest ei unødig lang ventetid, fyltes scena med røyk. Då lyset gjekk av og bandet kom på scena i mørkret, sto jubelen i taket. Opningssporet Funeral Fog var litt haltande, men det tok seg fort opp i bekmørkret. Då vokalist og yppersteprest Attila Csihar etterkvart kom på scena, skrudde dei opp det blå lyset. Alt det blå lyset! Det var utruleg stemningsgullt og skapte ei ond stemning som sto godt til musikken. Skjønt eg trur dei med fordel kunne hatt litt meir lys på bandet frå tid til anna. Det er faktisk litt kult å kunne sjå dei når ein fyrst er på konsert ...

 photo bass og gitar_zpsiy2xqdpt.jpg

Lyden var grumsete og høg og ypparleg skrudd til. Mayhem skal vere mykje og det skal vere grumsete, men det må likevel kunne gå an å skilje songane frå kvarandre. Det klarte heldigvis lydfolka til Mayhem meget godt.

Konsertane til Mayhem har vore kjent for daude grisar, blod og gørr, men i helga var det ikkje noko av dette Rekvisittane var heilt på eit minimum, og spør du meg fungerte det utruleg godt i stemningsskapinga. Det var eit nesten sobert og sakralt show vi var vitne til. Det kunne til tider virke meir som vi var på eit religiøst sektmøte enn ein metallkonsert. Noko eg lurer på om vi faktisk var, og for meg hadde det til tider litt i overkant for mykje preg av eit religiøst vekkelsesmøte. Det er nok kanskje mange som er uenige med meg, men eg var der ikkje for satanismen, og synest egentleg at dei godt kunne droppa akkurat den delen.

 photo attila 2_zpsmj253uv1.jpg

Alt i alt var dette ein meget god konsert som viste at Mayhem framleis er blant dei eldste og mest seriøse svartmetallbandene. Dei var veldig samspelte og songane satt som dei skulle. Stemninga var full av ondskap og attitude, og Mayhem leverte rett og slett varene. Publikum fekk det dei var komne for å høyre; De Mysteriis Dom Sathanas. Ikkje meir. Ikkje mindre. Dette var svart!

 photo publikum_zpsv9z9p5oo.jpg