Foto: Øystein Bagle-Tennebø



I går samla håpefulle fans av det norske bandet Wardruna seg på SALT i Oslo for konsert. Stemninga blant publikum før konserten var spent, men god. Musikkelskarar frå heile verda hadde samla seg i håp om ein magisk kveld ute under open himmel, og det var tilløp til nervøs latter rundt omkring. Det var nesten som om det var små born som venta på julenissen. Folk var spente på korleis konserten kom til å bli, men minst like mykje om vêret skulle halde seg bra heile kvelden. Heldigvis var Tor på vår side og holdt regnet vekke. Skjønt vokalist og Wardruna-høvdingen sjølv, Einar Selvik, hadde allereie annonsert på Facebook eit par dagar tidlegare at litt eventuelt regn berre var ei velsigning frå gudane. Lett for han å seie som skulle stå under tak/duk på scena ...

Valet av SALT som arena for ein slik gamalnorrøn konsert må seiast å vere glitrande! Alle bygningane i tilknytning til SALT på Langkaia er bygd etter modell av dei tradisjonelle, pyramideforma tørkestativene for fisk langs norskekysten, og ein får ei genuin kjensle av å ha vandra inn i ein vikinglandsby når ein kjem inn. Arrangørane hadde i tillegg fått tak i ein gjeng i tidsriktige vikingkostymer, og dei fyrte godt med ved i oljefat rundt om kring heile kvelden. Eg må innrømme at dette er fyrste gongen det har lukta sterkt av bål av meg etter ein konsert.

Nordmannen Thomas Narverud, musikalsk meir kjent som Sysselmann, hadde fått det ærefulle oppdraget med å sette stemninga for kvelden. Det klarte han veldig godt! Det mørke, meditative lydlandskapet han lagar passa perfekt, og spesielt under Stormwatch fekk han iallfall underteikna til å hutre med sine lydassosiasjonar til vinterstormen, godt hjelpt av knitringa frå ilden i oljefatene rett foran meg.

Når mørkret endeleg hadde senka seg, marsjerte ein gjeng med vikingar inn med faklar og stilte seg foran scena før bandet entra scena. Dei opna med Selvik og Eilif Gundersen på lur i ein majestetisk Tyr. Luren er eit imponerande instrument som kanskje ikkje er so viden kjent i musikkverda i dag, men den skapar kjapt assaosiasjonar til dommedagsbasunar. Og til vikingar. Eg måtte snu meg og sjå ut på fjorden etter vikingskip på veg inn for å plyndre Oslo.

Wardruna på album er roleg, avslappande og meditativt. Live blei alt forsterka, og eg tok meg fleire gongar i å gynge som i transe til rytmane. Det var noko med den friska lufta, bållukta og synet av sjøfuglar som sklei roleg forbi som var veldig suggerande i kombinasjon med tonane frå scena. Eg forstår godt at musikken til Selvik har blitt brukt i TV-serien Vikings; når eg lata att augene såg eg for meg vikingar på tokt, i kvardaglseg syslar eller på blot. Det heile blir sjølvsagt veldig autentisk av at dei spelar på instrument som lur, kraviklyra og bukkehorn, og ikkje lagar lydane på ei datamaskin. Dei fleste av desse instrumentene skal i tillegg vere laga av Selvik sjølv! Om eg skal trekke ned på noko, må det vere at dynamikken i låtane er veldig variert, og lydbiletet blir då på enkelte parti i nokre songar litt spinkelt og sart. Dette gjer at ein då diverre høyrer publikum som pratar med kvarandre altfor godt. Dette er det kanskje mest publikum ein lyt ta for ...

Mange kan nok kanskje tru at Wardruna handlar om nostalgi og eit ønske om å gje seg henn til ei svunna tid med vikingar og norrønt levesett. Men i følge Selvik handlar det meir om å bruke dei gamle tradisjonane og instrumentene til å skape noko nytt. Det handlar om å faktisk ikkje å bli hengande att i fortida, men å sjå framover utan å kaste det gamle til sjøss. Eg forstår kva han meiner, men det blir litt koketteri spør du meg. Det er vel ikkje til å kome unna at dette er musikk som har røtene sine godt planta i det gamle, norrøne. I tillegg er låtmaterialet på triologien Runaljod bygd på dei gamle runene, so dette er jo gamalt og tradisjonelt norrønt. No driv eg sjølvsagt flisespikkeri, og dette har inga betydning for ein strålande og magisk konsert på Langkaia i Oslo. Makan til stemning og atmosfære har eg vanskeleg for å finne noko å samanlikne med, og dei avsluttar med ein majestetisk versjon av Helvegen, songen Selvik vil at nokon skal synge han over til Dødsriket med når den tid kjem:

Kven skal synge meg
i daudsvevna slynge meg
når eg på Helvegen går
og dei spora eg trår er kalda, så kalda