Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Nokre dagar skulle ein kanskje berre ha blitt i senga. Slike dagar der det meste blir litt stang ut. Det er på slike dagar fugledriten faktisk treff deg i håret, eller bilen som køyrer i vannpytten ved sidan av der du går faktisk sprayar deg ned fullt og heilt. Slike dagar du berre burde sitte i ro og vente på at den sluttar og at neste dag kan starte. Eller, du har flaks; eit aldri so lite lys i enden av denne endelause tunnelen: Taake skal spele på ei scene nær deg! Det renser kjapt all agg og skit ut av systemet!

Med seg denne kvelden hadde Hoest og kompani Asagraum og Helheim. Som båe gjorde ein god figur, men som bleiknar totalt ved sidan av Taake. I tillegg var Asagraum uheldige og hadde nokre tekniske problem i starten, men dei henta seg likevel greit inn.

Taake entra scena med Sverdets Vei og Inntrenger frå siste albumet Kong Vinter. Det var eit intenst, energisk og tight band som var på John Dee for å gje publikum ei svart og knallhard oppvisning, og det var frå starten soleklart for alle i salen at dette kom til å bli fantastisk. Hoest må vere ein av dei mest energiske og karismatiske frontfigurane i norsk svartmetall. Han er høgt og lågt og gjer maks frå fyrste stund. Det er utruleg kult å sjå, og han åleine er med på å gjere dette til ein konsert som eg kjem til å hugse lenge.

Hoest har publikum i si hule hand heile vegen, og alle i salen er med på taktfast allsang og dei aller fleste har minst ei hand over hovudet med peikefinger og veslefinger stivt peikande i taket frå start til slutt. Samtidig veks mosh piten jamnt og trutt og på avslutningslåta Myr (eg måtte diverre gå før eventuelle ekstranummer ...) fyller den nesten heile golvet foran scena. For øvrig må eg seie at det er fyrste gongen eg har sett og høyrt banjo på ein svartmetallkonsert, men det fungerar overraskande bra!

Vokalist og frontfigur Hoest har mykje av æra for at dette blei ein fabelaktig konsert, men fytti grisen for eit samspelt og stødig band Taake er. Heile gjengen fortenar skryt og imponerar veldig heile vegen. Dei har god kontakt med publikum og skapar ei samhørighet som er forbilledleg. Det delast ut bro fists over ein lav sko, sjølv om eg er glad for at eg ikkje fekk ein. Gitarist Aindiachaí boksar utstrakte knyttnevar som om det var ein punchingball! Eg var fleire gongar redd for at han skulle øydelegge handa si og måtte avslutte. Heldigvis gjekk det bra.

Det var ein energi og ei speleglede denne svarte fyrste dagen i advent på John Dee eg er sikker på hadde gleda musikkelskarar frå alle sjangrar. Makan skal du faktisk leite med både lys og lykte etter. Eg kjem iallfall til å sørge for at eg kjem meg på fleire Taake-konsertar i framtida!