Foto: Øystein Bagle-Tennebø




Det var Red Bull som fikk Ulver til å stille opp då dei trengte eit bestillingsverk til sin Red Bull Music Festival Oslo. Festivalen gjekk av stabelen i Oslo 11. - 13. oktober, og Ulver leverte sitt bestillingsverk på Skur 13 den siste kvelden. Drone Activity er ein konsertserie frå Red Bull Music som, i følge arrangøren sjølv, skal gje deg verdas mest intense musikk, og dei mest progressive artistane i kryssinga mellom støy, drone, metal og eksperimentell musikk. Eg skal innrømme at eg reiste til Tjuvholmen eine og åleine for å få med meg Ulver, men eg tok turen litt tidlegare enn planlagt berre for å undersøke kva Red Bull meinte var verdas mest intense musikk.

Skur 13 er eit gamalt industribygg som i si tid blei brukt som lagerlokale for havnedrift. Det passar i utgangspunktet veldig godt som scene for denne type musikk. Då eg kom, heldt Accrescere på. Det var ikkje mange som var der, og skatehallen han spelte i, var altfor stor for han denne kvelden. Litt synd, for det vesle eg fekk med meg høyrtest kult ut.

Eg må seie eg likar denne type musikk. Den har noko suggerande og meditativt over seg, samtidig som den er intens og krevande. Stemninga i den svære hallen Damien Dubrovnik spelte, var både hypnotisk og til tider energisk, men eg klarte ikkje å unngå å tenke at det hadde kledd musikken enno betre med eit lite, tettpakka kjellerlokale. Eg ser for meg konsertar i lugubre undergrunnslokaler i New York, der folk står tett i tett og omkransar artisten som står ved eit bord midt på golvet og lagar støymusikk.

Omsider var det Ulver sin tur. Eg må seie at det alltid er spennande når dei skal på scena. For det fyrste veit ein aldri kva som kjem. Dei har skifta ham for kvar gong eg har sett dei live. For det andre blir det garantert bra. Ulver er eit av dei banda som eg alltid veit kjem til å levere. Dei har ei eiga evne til å lage musikk som engasjerer og som skaper bileter inne i hovudet til lyaren. Den introverte sceneframføringa deira gjer at vi som publikum blir tvinga til å gå inn i oss sjølve og prøve å ta tak i kva musikken gjer med oss. Det er umogleg å halde seg likegyldig til den.

Drone Activity leiar tankane mine inn i det kosmiske. Bileter av Big Bang og starten på det heile dukkar opp i hjerna. Verket Ulver har med seg, har ei gjennomført oppbygging. Det startar so forsiktig og sart med pauker og monotone tonar, noko som gjer at det er lett å sjå føre seg ein slags fødsel eller start på noko spesielt. Dette blir godt underbygd av lys- og lasershow på eit stort, kvitt lerret bak bandet. Derfrå dreg musikken og lysshowet oss vidare gjennom lange crescendoar, og det bølger fram og tilbake mellom det intense og det rolege, som skaper bileter av eksplosjoner og bygging av planetar og fjell og fjord. I lange, hypnotiske og suggerande bølger. I eit intervju fredag 12. oktober, sa Kristoffer Rygg at det skulle bli massivt, dronande, høgt og tidvis støyande, samtidig som det skal fungere musikalsk, stemningsmessig og forhåpentlegvis kjennest i mellomgulvet. Ulver leverte som lova.

Drone Activity blei til i løpet av eit par dagar. Ulver skapa ei musikalsk base som dei tok med på scena, og resten blei improvisert fram undervegs. Med seg for å skape eit mest mogleg mørkt og repeterande lydlandskap, hadde dei med seg den meriterte gitaristen Stian Westerhus og lyslaserdesigner Birk Nygaard. Båe desse gjorde ein god jobb og fortener å bli nemnde.

Eg må diverre trekke litt. Det kjem av den enkle grunn at eg sakna ein del av den grooven Ulver blant anna leverte på konserten dei gjorde på Henie Onstad Kunstsenter i april i år. Diverre mangla den nesten heilt, med unntak av eit par drivande parti i løpet av dei omtrent 90 minutta dei heldt på. Eg forstår at dette kanskje var eit anna konsept enn då, men likevel kunne eg ønska meg meir av det på Skur 13. Det er berre å håpe dei får med meir av det neste gong. Eg veit ikkje kor tid det blir, men eg gler meg allereie.