Foto: Øystein Bagle-Tennebø

Onsdag kveld var det nok ein del faste operagjengarar som sette onsdagsportvinen i halsen då dei oppdaga at Noregs storstove for finkultur blei invadert av ein gjeng med svartkledde, langhåra og, i følge fiffen sjølv, uflidde rockarar. Eg synest eg såg ei fin frue med blåskjær i håret ligge rett ut på golvet medan nokon frå helsetenesta på Operaen gjorde sitt beste å få starta det stakkars hjartet hennar som hadde stoppa etter eit leit tilfelle av arytmi. Det kan hende eg såg syner, men det kunne iallfall fort ha skjedd!

Gjengen i Tons of Rock har gjort ei spanande booking då dei fekk dei tyske retrorockarane i Accept til å legge turen innom Oslo for å sparke i gang Noregs største rockefestival. Det er ikkje so mange andre band som kan skrive rock med like store bokstavar bak namnet sitt i dei musikalske krønikene enn gamlekara i Accept. Wolf Hoffman og Mark Tornillo har turnert ei stund med Symphonic Terror tour der dei kombinerar rocken med symfoni. I Oslo hadde dei ingen ringere enn KORK med seg på scena. KORK var for høvet kledd i svart og med Dia de los Muertos-sminka ansikt. Eit meget fiffig scenografisk trekk.

På slaget 19:30 starta gildet. Accept opna med sine versjonar av nokre klassiske perler der spesielt Wolf fekk briljert med sine fingerfedighetar på gitaren. Han er ein showman og veit og vise seg fram for eit lydhørt publikum. KORK gjorde ein meget god jobb, som alltid, der dei sat på scena og fylte ut lydbilete på ein særs god måte. Det høyrest alltid litt cheesy ut når rockeband skal blande inn symfoniske element, og det kan fort bli pinlig, men Accept og KORK fungerte godt saman og var meget godt samspelte trass i at dei har sitt virke i ulike sjangrar. Når det er sagt har jo klassisk og rock eit slags tilhørighet og mykje av dynamikken og intensiteten kan vere lik. Dette er jo det ein del gamle "heltar" har gjort før, og Yngwie Malmsteen er vel eit av dei namna som pressar seg fram.



Det tok kanskje litt lang tid før herr Tornillo sjølv entra scena, korrekt antrukken i caps og runde solbriller. Det var enkelt å kjenne han att. Og stemma hans er det umogleg å ta feil av. Eg må faktisk innrømme at eg er imponert over at han har stemme att i det heile etter fleire desennium med skrikesynginga si. Han bomma ikkje på ein einaste tone sjølv i dei høgaste partia. Respekt!

Accept er eit meget publikumsvenleg band. Dei fekk med seg dei frammøtte på klapping, hoing og allsang frå fyrste strofe. Vel, synginga starta jo ikkje før Mark kom på scena, men derfrå og ut var det nok meir synging ute i salen enn det har vore der til saman sidan operaen opna! Det var òg ein konsert med eit band som har vore med sidan den litt tyngre rocken starta, og det kan ein både sjå og høyre. Dei to gitaristane og bassisten stilte seg ofte opp på lang rekke og vifta taktfast med gitarane fram og tilbake, og opp og ned, det var tilløp til ein god gamaldags trommesolo (som godt kunne vart litt lenger om du spør meg ...), "Åååååååhhåååååååååhhhååååååå"-koring i fleirtalet av låtane, og gitarsolane sat laust hjå herr Wolfmann. Og sei ein ting om Mark Tornillo; sei at han kan marsjere-danse. Dei få (heldigvis) tilløpa til ein slags dans, var han som marsjerte litt fram og tilbake. Det er godt å sjå at gamle hundar held seg til gamle triks. Og det funkar jo!

Eg må seie at denne kvelden i Operaen var ein meget god start på Tons of Rock! Stor honnør til bookingfolka til festivalen. Men den største honnøren går sjølvsagt til Accept som varma oss godt opp til det som skal kome. Det kan jo ikkje gå gale når dei avsluttar med klassikeren Balls to the Wall!

Som eit aldri so lite PS: fyrverkeriet Tons of Rock hadde tromma saman fungerte ikkje spesielt godt. Det var litt for lyst til å få noko god effekt, og dei kunne nok brukt pengane på noko anna moro for festivalgjengarane!