Foto: Øystein Bagle-Tennebø




Det energiske bandet hadde nok vore litt uheldige med kven som spelte på hovudscena, for der hadde satanrockarane i Behemoth starta 10 minutt før dei. Det var diverre ganske glissent i teltet, men kvintetten leverte likevel som om det skulle dere stappa.

Eg har lese at dei tidlegare har sagt at dei spelar best når dei er irriterte, og etter gestikuleringa til bassis og vokalist Karl Pedersen å dømme, var han greit oppgjett på lydfolka sine. Det såg ut til at han ikkje var heilt nøgd med lyden i monitor. Men dette skulle vel berre love godt for publikum skal vi tru tidlegare utsagn frå bandet. Han såg ikkje berre blid ut der han sto.

Heave Blood and Die spelar ikkje vokaldriven musikk, men er mykje meir opptatt av groove og kjensler. Dette har dei bevist på sist album, og spesielt er riffinga på Plague noko av det feiteste som har blitt gjett ut på lang tid. Det var difor kjekt å høyre at dei hadde inkludert akkurat denne dagens set list.



Litt av utfordringa til bandet er at dei spelar ein type doom/stoner som er seig og repetativ, og det kan bli litt monotont i lengda. Det synest eg konserten bar litt preg av, og enkelte songar blei dradd litt for langt ut. Men likevel klarte dei å engasjere publikum og sjølv om det var få på graset framfor scena, var det nok til at gitarist Mads Ystmark fekk seg ei runde med crowdsurfing. Han blei boren rundt blant publikum til stor jubel.

Eg har sagt tidlegare at eg gler meg til å følge dette bandet framover, og det held eg fast på. Dei er unge, og har mykje tid framfor seg til å perfeksjonere og utvikle konsertane sine. Eg har framleis trua!