Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Kva skal ein eigentleg skrive når ein skal anmelde Ulver? Ord blir fattige og du skulle berre ha vore der. Det er ikkje alltid enkelt når ein skal bruke ord til å beskrive ei oppleving som set seg inne i kroppen din. Ein konsert med Ulver gjer noko med kropp og, spesielt, sinn. Tonane er ekstremt suggerande og meditative, og ein burde vel eigentleg skrive ut konsert med Ulver på resept til alle som slit psykisk.

Ulver har turnert verda rundt, og det er ikkje lenge sidan dei gjorde si fyrste opptreden i USA, noko som ikkje gjekk dei amerikanske fansa hus forbi. Det var mykje lovord å finne på internett etter det. No er det langt over dammen, men for vokalist Kristoffer Rygg var konserten på Vampire Stage under Tone of Rocks fyrste dag på heimebane. Bokstaveleg tala. Mannen med silkestemma bur berre eit vestlandsk steinkast tvers over sletta, so noko nærare heimebane går det ikkje an å kome.

Dei frammøtte fekk ein velregissert time med mørke grooves og heftig røyk- og laserbruk. Det er ikkje mogleg å sette ein merkelapp på Ulver. Det enklaste er vel som ein av fotografane i piten sa; Ulver er si heilt eiga greie. Og den næraste båsen ein kan putte dei i er den enklaste; dei spelar Ulver.

Det heile starta med Stian Westerhus som trylla fram magiske tonar på gitaren med hjelp av ein felebue og eit brett med effektpedalar. Eit flytande og vakkert parti heilt utan noko beat som bygde seg opp til resten av flokken var komne på scena og dei mektige og basstunge rytmane sette alle kroppene i teltet i bevegelse. Det var heilt umogleg å ikkje bli ståande og vugge taktfast til dei tunge rytmane frå scena. Konserten bygde seg opp i eit slags langvarig crescendo med elektronika og eksperimentell musikk. På toppen flyt stemma til Rygg. Eg har sagt det før, og kjem nok til å seie det fleire gongar: Han har ei stemme som ein engel. Rett nok ein mørk og melankolsk engel, men ein engel like fullt. Det er berre å bøye seg i graset inne i teltet.

Det er to ting som trekk konserten eit hakk ned. Det eine er utanfor Ulver sine hender; det er for lyst. Det er ikkje veggar på teltet, og det gjer at det slepp inn lys frå sidene. Ein konsert med Ulver MÅ vere inne i eit lystett rom. Det øydeleg litt at det aldri blir heilt mørkt i rommet. Den andre tingen kan dei skulde seg sjølve for. Etter å ha vore på konserten dei gjorde på Henie Onstad senteret i 2018, blir det benchmarken deira for meg. Det var ein legendarisk konsert som framleis sit i meg. Det er sjølvsagt so godt som umogleg å toppe den for dei, og kanskje litt urettferdig av meg å heile tida samanlikne med den. No er det no ein gong slik det har blitt.

Når alt er sagt og rekninga gjort opp, var det likevel ein fabelaktig konsert dei gjorde på Ekebergsletta. Dei leverte som alltid mektig og hypnotisk musikk. Hatten av!