Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Konserten med mongolske The Hu på Scream Stage er akkurat det eg diggar med festivalar: ein kan finne nye favorittar der ein minst ventar det! Eg må seie eg gjekk til konserten med lave forventningar. Eg hadde berre so vidt høyrt musikken til The Hu på Spotify, og det slo meg ikkje akkurat i bakken. Men live funka det som berre rakkaren! Gåsehud og glede fylte meg der eg sto og blei blåst av bana av mongolsk strupesangmetal.

The Hu starta i 2016 og nyttar tradisjonelle mongolske instrumenter som Morin khuur, og mongolsk strupesang. Samtidig som dei har både gitar, bass og trommer som "vanleg" metal. Morin khuur er ofte kalla for hestehovudfiolin, og har berre to strengar og er trapeseforma. Tradisjonelt sit ein med "fela" plassert mellom knea og spelar på den med ein boge. Gutane i The Hu har imidlertid festa den med gitarband og har den over skuldra som ein vanleg gitar. Men felebogen blei sjølvsagt brukt.

Musikalsk minnar det veldig om vikingmusikken til til dømes Wardruna, berre med mykje meir fuzzgitar og beats. Eg blei iallfall ført tilbake til ei tid der skaldane sto for underholdninga medan vikingane tømte horn etter horn med mjød i dei berømte blota sine.

I det store og det heile kan ein bli forleia til å tru at dette er noko traust og sidrumpa, men bandet har pakka det heile inn i metaldrakt og har laga riff som er so fulle av groove og rytme at eg blei nesten vippa heilt av pinnen! The Hu spelar med ein intensitet og glede som smittar. Teltet var stappfullt, og publikum var med og klappa og jubla frå start til slutt. Det var omtrent ikkje ein kropp som ikkje vugga i takt med musikken.

Eg kjenner diverre for lite til bandet til å kunne kome med ei set liste for konserten. Men dei spelte iallfall Wolf Totem, Yuve Yuve Yu og Shoog Shoog.



Avslutningsvis må eg berre seie at her må metalfolket kjenne si besøkelsestid og følge med på konsertscener framover. Fy fela (pun intended) for ein konsert! Dette må fleire berre oppleve!