Foto: Øystein Bagle-Tennebø



På den siste, og varmaste dagen på festivalen, entra Obliteration scena i Vampire Stage og leverte gnistrande og knallhard thrash/death. Det blei om mogleg enno varmare i teltet.

Kolbotn-bandet spelar thrash/death av god gamal klassisk merke. Dette er so utruleg deilig å høyre og det varmar langt inn i hjartet til ein som vaks opp med thrashen på 80- og 90-talet.

Alle har vel fått med seg at Slayer abdiserte som thrashkongar på hovudscena fredag, og allereie laurdag leverte Obliteration ein knallsterk søknad til å ta over akkurat den trona. Det er m mykje som minner om Slayer her. Og med tanke på kor mange som faktisk var og såg Slayer dagen før, er det rart å sjå kor få det var i teltet laurdag. Men det er berre synd for dei, for dei gjekk verkeleg glipp av ein stor konsert!

Konserten opna med Cenotaph Obscure frå albumet med same namn. Lista er lagt og det ser ut som om bandet har pumpa seg fulle av aggressjon før dei gjekk på. Openbart har det funka som berre juling, for det spelast so det gneistrar frå strengene. Elles vil eg trekke fram Orb og Goat midt i settet. Her kombinerar dei det aggressive med litt seinare tempo, men aldeles ikkje utan intensitet og brutalitet.

Heldigvis viser dei unge Kolbotningane (om det er det heiter?) at den noble kunsten headbanging ikkje er daud. Her blir det headbanga rund baut og godt er det. Thrash/death av dette slaget MÅ det headbangast til.

Som Slayer er Obliteration eit kompromisslaust band og går ikkje på akkord med tempo, feit riffing og aggresjon. Eg er nødt til å ta av meg hatten for at det går an å halde eit so høgt tempo i dei 40 minutta det pågår. Når det er sagt, har dei nokre låtar som går eit lite knepp ned og er hakket seigare, og det er faktisk då bandet virkelig imponerer musikalsk. Eg blir ståande og vugge og nikke til avslutningslåta Spawn. Dette er ein arvtakar til Slayer verdig! Knallstart på festivalens siste dag for meg!