Foto: Øystein Bagle-Tennebø



På Scream Stage fekk vi laurdag kveld nok eit bevis på at dei gamle framleis er eldst. Det er heldigvis slik at dei som var med i den spede starten av thrash-sjanger framleis har mykje å kome med. Ein skulle kanskje tru at alderen tek tak i dei som alle oss andre og gjer dei sedate og treige, men det er iallfall ikkje tilfelle for Testament. Tons of Rock viser at dei har nase for kvalitetsmusikk i bookinga si. Fredag fekk vi eit Slayer på topp, og laurdag hadde dei fått eit minst like tent Testament. Respekt!

Gjennom fleire utskiftingar, er det kun eitt medlem som har vore med heile vegen, gitarist Eric Peterson, men dei har i dag fått tilbake Alex Skolnick (gitar) og Greg Christian (bass) frå den opprinnelege line upen. Det er òg oksen Chuck Billy som er vokalist, men han var ikkje med heilt frå starten, sjølv om det er ei bra fartstid han har sidan han starta i 1986. Dei ser alle eldre ut enn før, sjølvsagt, men dei har på langt nær blitt gamle i kroppen. Det er framleis eit fyrverkeri av eit show dei leverer!

Dei viser at dei har laga knallhard old school thrash i dei siste åra òg når dei drar i gang med spor ein, tittellåta Brotherhood of the Snake og spor to The Pale King frå albumet som kom i 2016. Dette sit akkurat so tight som det skal og dei frammøtte får det dei har kome for. Det må vere deilig å kunne hente frå ein so rikholdig og god katalog som Testament har. Det gamle og det nye fungerer like godt om kvarandre. Sjølv om eg må seie at når Chuck Billy introduserer Practise what you Preach røyser nakkehåra seg. Ei gamal favoritt! Og den blir levert med like stor bravur og intensitet som då den kom på albumet med same namn i 1989. Gåsehud!

Det har vore digg å vere thrashfan på Tons of Rock i år. Slayer, Obliteration og Testament har løfta festivalen!