Foto: Øystein Bagle-Tennebø




Eg har høyrt historiar om folk som har mista høyrselen i fleire dagar etter konsert med denne legendariske duoen, som ofte er fleire på konsert. Eg må seie eg var uhyre spent på korleis dette skulle bli. Kom det til å bli like høglytt som ryktene skal ha det til? Oppvarminga spelte ikkje spesielt høgt, men Runhild Gammelsæter & Lasse Marhaug gjorde iallfall sitt til å varme opp ryggrada til dei frammøtte med si enormt suggerande og basstunge framføring. Det var ein kakofoni av lyder og skriking som gav meg bileter av dei innerste ringane i Dante sitt Helvete. Dette virka veldig lovande, sjølv om det (heldigvis, kanskje) ikkje var høgare enn at ein lett kunne droppe øyreproppene. Dei gjorde jobben og fekk satt stemninga i kirka.

Då Sunn 0))) omsider kom på scena, eit akademisk kvarter over oppsatt tid, hadde dei allereie røyklagt kirka med scenerøyk sopass kraftig at fotografen i meg tenkte at dette kom aldri til å gå bra. Det var mest ikkje råd til å sjå noko som helst på scena 50 centimeter foran meg. Og dei berre fortsatte og pumpe røyk ut gjennom heile konserten. Tåkefyrsten Gahr Støre sjølv hadde bleikna i samanlikning. Sjølv om fotografen ikkje var veldig nøgd med akkurat dette, skapte det ei dyster og perfekt stemning for konserten sin del.

Stephen O'Malley og Greg Anderson hadde fått med seg tre andre til kirka, når dei no er ute på promoturné for utgjevinga av det fabelaktege albumet Life Metal. Og konserten var rett og slett ei speling av dette. Og der albumet er seigt og sirupaktig, der det sakte ruller framover, var konserten om mogleg enno seigare og sakte. Med O'Malley som orkestermeister drog dei kvar tone ut i det nesten uendelege og dei overdreiv alle lange strofar frå albumet til det magiske. Det var ikkje berre tonane og musikken som gjekk sakte, musikarane rørte seg med rooooolege steg og anslaga på strengane blei satt i gang langt unna instrumenta, i lange, flytande rørsler. Publikum kunne følgje fingrane som holdt godt rundt plektra på vegen frå høgt over hovudet deira, heile den sakte vegen ned til strengeberøringa. Å spele dette høyrest kanskje enkelt ut, men det må krev ein enorm konsentrasjon og utruleg viljestyrke å la tida berre gjere jobben sin og la tonane vare til dei har skylt over den utselde kirka. Imponerande. Til og med når dei tok ein slurk frå vinflaska dei sendte (roleg, sjølvsagt) mellom seg, var det i kontrollerte former og i eit MEGET bedageleg tempo.

Då eg anmeldte Life Metal meinte eg at å lytte til albumet var som eit auditativt blikk ut i verdsrommet. Det held eg fast på, og røyken og lysa, i kombinasjon med den treige og mørke materia musikken representerte, vart eg atter ein gong henført til verdsrommet. Når ein tenker på det, går ting der oppe roleg for seg med tanke på kor gamalt det er og kor gamalt det skal bli. Dit var det tankane gjekk der eg sto i røyken og prøvde å skimte bandet på scena.

Ord blir diverre fattige. Eg skulle ønske eg klarte å mane fram stemninga dei fem på scena skapte denne mørke og regnfulle haustkvelden, men alt eg kan seie er at du skulle ha vore der! Eg går og tenker på at eg deler noko spesielt med dei andre som var der og fekk med seg dette meisterverket, og skulle ønske at vi var fleire som delte dette.

No skal dei faktisk spele på Blå i dag òg (laurdag 19. oktober), sjølv om det er visstnok skal vere ein meir nedpå affære der berre O'Malley og Anderson skal spele. Den er etter sigande utseld, men det kan vere verdt å prøve å kome seg inn. For dei som ikkje fekk med seg gårsdagens. Eg for min del, vel å halde meg heime for å bevare minnene frå konserten i Jakobkirka for alltid!