Ingen kan seie at Anna of the North ikkje er i vinden for tida, med eit rykande fersk album ute, samt spelejobbar både i inn- og utland. Album nummer to i rekka, «Dream Girl», fekk gode skussmål av Jon Vidar Bergan førre månad her på musikknyheter.no

Bergen er ein av mange stoppestadar i Europa, før Anna reiser vidare på turne til USA over nyttår. Kvarteret var neppe utselt denne k.velden, men ein del frammøtte var det naturleg nok. Oppvarmingsbandet L.U:N.A gjekk på scene rundt 21:30 medan Anna of the North entra scena snaue 23:10.

Første låt ut var «Lonely Life» frå det nyaste albumet. Det var ein god blanding av både nytt og eldre materiale denne kvelden. Eit av fleire høgdepunkt var blant anna tittelsporet «Dream Girl», til publikums begeistring. Ein akustisk versjon av låta «Baby» vart spelt etterpå, her med nydeleg samspel mellom Anna og resten av bandet.

Undervegs i konserten slo ho til med si første utgiving som kom i 2014, nemleg «Sway». Her får ho middels respons frå publikum, noko eg stiller meg bak, då eg synes det vart ein litt rotete versjon av låta.

Det som er gjennomgåande i heile konserten er manglande respons frå publikum. Anna leverer knallsterk vokal på samtlege låtar, men responsen er dessverre for tam. Anna prøver sporadisk å få fleire hender opp i lufta, men til inga nytte. Eit godt eksempel her er under «Thank Me Later». Her får vi servert ein knallgod pop låt med høg allsongfaktor, men publikum gir lite tilbake.

Konserten gjekk mot slutten, og Anna tok på seg ansvaret med å forklare både kva ho og publikum skulle gjere under «encoren». Ho skulle gå av scena, publikum rope etter fleire songar, og deretter skulle ho komme tilbake for å spele meir. Forklaringa heldt, og publikum gjor som fortalt.

Ho spelte eit par songar, og avslutta med eit smell med låta «Fire» frå første debutalbumet. For å takke eliten i fronten av lokalet, hoppa ho ned for å avslutte ein verdig kveld med ein dansefest med danseløvene på første rad.

Vi håper Anna kjem tilbake til Bergen, med forhåpentlegvis litt meir engasjerte bergensarar.