Foto: Øystein Bagle-Tennebø



The Hu var ein av dei aller beste konsertane på Tons of Rock 2019 for meg. Dei overbeviste då med speleglede og utruleg fengande strupesangmetall. Då eg såg dei skulle kome til Rockefeller i januar, var det difor ikkje snakk om noko anna enn at eg skulle få dei med meg ein gong til. Det var eg ikkje åleine om. Rockefeller var utselt denne laurdagen. Eg var no sjølvsagt litt spent på om det kunne vere like bra som sist. Hadde dei berre tatt meg på senga på Ekebergsletta? Kunne det vere like bra no når overraskelseselementet var borte? Det var med blande kjensler eg reiste heimanfrå.

Då The Hu entra scena til ellevill jubel og taktfaste "HU! HU! HU!" frå omtrent alle i salen kjente eg det kribla i godt magen. Eg kryssa fingrane og håpa i mitt stille sinn at dette skulle bli moro. Heldigvis kunne eg puste letta ut og konsentrere meg om å berre nyte. For frå dei fyrste tonane frå Shoog Shoog runga utover rommet var det klart: dette kom til å bli like artig som sist. Eg veit ikkje heilt kva det er som gjer det, men eg blir i strålande godt humør av The Hu. Musikalsk er det ei slags saleg blanding av Rammstein, DDE, norsk folkemusikk og strupesang; noko som på papiret ikkje ser ut til å kunne fungere. Men det gjer det. So til dei grader!



Det som slår meg er at The Hu er genuine og lett å tru på. Spelegleda ligg tjukt utenpå dei åtte på scena, men spesielt er Jaya (som trakterar munnharpe, fløyte i tillegg til strupesang) ein av dei som har spelegleda på utsida. Han blir samtidig trekt opp av det glimrande publikumet, og står sjølv og pumpar knyttneven i lufta medan han heng seg på når alle ropar "HU! HU! HU!" både under og mellom låtane. Han utsrålar ei barnleg glede av å få lov til å stå på scena og formidle musikken sin til oss. Slik skal det vere! Ikkje noko livstrøytt artist som ikkje bryr seg om andre enn sitt eige ve og vel der i garden!




Det er fleire gonger eg tek meg i å tenke at no er det like før mongolarane kjem marsjerande. Eg ser for meg hordar av soldatar som marsjerer over dei graskledde steppene i Mongolia medan dei syng på songar som blant anna Wolf Totem, The Great Chinggis Khan og The Gereg. Og når golvet på Rockefeller begynner å gynge fordi heile publikum står og hoppar opp og ned når The Hu spelar Yuve Yuve Yu er illusjonen nesten komplett. Det manglar berre lukta av gras, frisk luft, hest og svett lær. Sjølv om det siste ikkje er langt unna med so mange entusiastiske kvinner og menn so tett på kvarandre inne på Rockefeller ...

Eg vil få lov til å skryte av publikum på Rockefeller denne kvelden. Dei var med på heve konserten og bandet. Eg vil gå so langt som å seie at denne laurdagen var dei eit ekstra bandmedlem! Det er eg sikker på The Hu meinar òg!