Foto: Kristoffer Rye


Marion Ravn er for tida høgaktuell med snart fullført norgesturne og albumsslepp rundt hjørnet. I løpet av 2021 har ho slept singlane «Ti ville hester» og «Hold meg i handa». Marion har i heile si solo karriere produsert og framført på engelsk, medan plata «Mellom disse 4 vegger» utgitt i 2019 var den første heilnorske plata. Bandmedlem og gitarist Jan Ole Kristensen var med på kveldens akustiske konsert.


Foto: Kristoffer Rye


Bortsett frå gode live versjonar av låtar frå «Mellom disse 4 vegger», fekk publikum og servert mange coverlåtar av ulike slag. Song to for kvelden var ein cover av Kari Bremnes sin låt «Er du nord», med stor begeistring frå publikum. Marion har også vore aktuell med Hver gang vi møtes, og sjølv om det blei spøka om cover av «Rompa mi» av D.D.E, blei det framført cover av «Splintra Speil» av D.D.E.


Foto: Kristoffer Rye


Kvelden vart avslutta på engelsk, med Marion sin låt «Minute» og M2M sin «Don’t Say You Love Me». Park22 i Mo i Rana var så godt som utselt, både underteikna og publikum såg ut til å stortrivast med besøk frå Marion og Jan Ole.